15. september 2009

Tid for skriving

Det er to og ei halv veke sidan eg slutta i jobben, og dei to siste vekene har eg vore på farta.
No er det tid for å finne skriveroa.

Det er framleis ei mengd som skal lesast, men sjølv om dei seier ein ikkje kan skrive utan å lese, kan ein jo ikkje skrive utan å skrive, heller. Så eg får freiste kombinere.

Nøkkelkortet til Skriveloftet på Litteraturhuset ligg i lommeboka, og der er kjekke folk å ta kaffipausar med. Det står berre på å kome seg dit. Å vere i Oslo lenge nok til å finne ein rytme, ei rutine. Skrive, lese, symje, skrive. Finne rytmen, gli gjennom vatnet, pusten, taka, ikkje få vatn innunder symjebrillene.

4 kommentarer:

heklehatt sa...

lykke til med oppstart, Aina! Det er sant det der med at man ikke kan skrive uten å skrive. Men heller ikke uten roen. Lykke til med det. (Morsomt at du svømmer, forresten. Vet ikke om du har lest Murakami, men i bøkene hans driver alltid hovedpersonen og svømmer: svømmer og svømmer, lange, seige tak. Innbilder meg at Murakami er litt av en svømemr!)

Aina sa...

Takk!
Har ikkje lese Murakami enno - men har to bøker i hylla, så har planar, som du forstår.
Eg elskar å symje, tenkte eg skulle prøve få inn ei god rutine utover hausten. Ingenting som er så deilig som å symje på dagtid!

Synline sa...

Hils lillebror fra meg da! Han sitter oppå det loftet der og skriver :)

Aina sa...

Seier du det? Kven er veslebror, då?