5. mai 2009

Trist og fint

Det var lang kø på Grünerløkka postkontor i går, og eg blei utolmodig. Eg flytta vekta frå eine beinet til andre. Eg kika på folk. Unngjekk dei som verka mest underlege og dei som lukta mest sveitte. Eg byrja bla gjennom filmane.

Eg såg han første gongen for lenge sidan, då han kom i 2004. Han spelte på alle dei riktige strengane. Han var storslagen, smålåten, fin, triumferande, vond, god og trist. Og svensk. Eg er så glad i svenske filmar. Lukas Moodyson, Roy Andersson, og altså Kay Pollak, som laga filmen eg fekk for ein femtilapp i går.

I Så som i himmelen møter vi den internasjonalt framgangsrike dirigenten Daniel Daréus, som etter årevis med intens turnéverksemd, får eit hjarteinfarkt og fell om på scena. Etter dette legg han opp, og oppsøker si barndoms bygd i Norrland. Det er ikkje lenger nokon som hugsar han. Han har bytta etternamn, og flytta allereie som sjuåring på grunn av mobbing. Men no kjem han tilbake. Han kjøper det gamle skulehuset, og blir, først nærmast motvillig, dirigent for det lokale kyrkjekoret.

Eg liker filmar om bygdene. Om dei svenske bygdene, eller dei norske, eller dei danske og finske. Eller bygder heilt andre stadar i verda. Eg liker det vesle samfunnet. Korleis det eignar seg til å skildre viktige forhold mellom menneske.

Eg gret då eg såg filmen igjen i går. Han speler på alle dei rette strengane.
Og så er Michael Nyqvist så fin.

5 kommentarer:

heklehatt leser sa...

ja, den spiller på alle de rette strengene! for en film! jeg gråt også begge gangene jeg så den. Den er fryktelig sterk. kanskje særlig på grunn av musikken. og de flotte personlighetene som skildres. Åh! den gør liksom god-vondt i magen. Man blir urolig og inspirert etterpå, ikke sant. Det er sånn de er, de beste filmene.

Aina Basso sa...

Ja, han er verkeleg flott! Eg elskar denne filmen.

Elin sa...

Nydelig film! Jentene i det gamle koret mitt sang "Gabriellas sång". Vakkert!

Aina Basso sa...

Ja, det er ein fin og rørande song. Og i filmen betyr han jo ekstremt mykje både for karakteren og utviklinga hennar vidare. Så han blir ekstra sterk der, sjølvsagt.

Anonym sa...

Ja, den er fin!