25. juni 2008

Magnolia og Marstein

Der er ei scene i filmen Magnolia (1999), der politimannen Jim Kurring sit i bilen og filosoferer over livet og yrket sitt, og konkluderer med at målet må vere å "... do good. Do good", eller "Gjøre godt", som det står i den norske underteksten.

I likskap med Magnolia er Trude Marsteins roman Gjøre godt også ei historie om eit kort tidsrom, om tilfeldigheiter som oppstår og skaper uventa situasjonar og fører forskjellige og ulike menneske saman. Handlinga i Magnolia føregår i løpet av eitt døger, og vi møter omlag ti menneske, som på ulike måtar får livet sitt endra av møtet med kvarandre i løpet av desse timane. Gjøre godt føregår også i løpet av eitt døger, men her er det svimlande 118 menneske (om enn ikkje like mange personlege historier) vi får eit glimt inn i.

Eg såg omigjen Magnolia i går kveld, og sjølv om scena med froskeregnet øydelegg truverdet noko for min del, likte eg filmen langt betre enn for ni år sidan, då eg såg han for første gong. I tillegg fekk eg uunngåelege assosiasjonar til Marsteins Gjøre godt, som eg framleis har friskt i minnet. Dersom ikkje Marstein har vore - medvite eller umedvite - påverka av denne filmen, blir eg svært overraska.

7 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Merkelig, jeg vet at jeg har sett denne filmen, men husker ingenting. Men nå ble jeg så nysgjerrig på den at jeg fikk lyst til å se den på nytt.

Anonym sa...

Samd med flimre: Eg lika den filmen Magnolia, men gav tapt ved froskeslutten. * Den som framfor alt meistrar den type film er (var) Robert Altman. Han har i alle fall tre filmar der teknikken er den same: Ulike personars liv som grip inn i kvarandre, parallelle historiar. Det er filmane Nashville (1975) og Short Cuts (1993), A Prairie Home Companion (2006). Dei to førsnemde vil eg kalla meisterverk ....

Aina Basso sa...

TM:
Eg hugsa heller ikkje så veldig mykje. Det einaste som hadde festa seg, var scena med sonen (Tom Cruise) og den døyande faren, med den mannlege pleiaren (Philip Seymour Hoffman)i bakgrunnen. Det var vel rekna som ein av dei verkeleg store filmane for omlag ti år sidan.

Jarle:
Har sett dei to siste du nemnte, utan at A Prairie Home Companion var særleg minneverdig utanfor kinosalen. Likte Short Cuts, men har ikkje sett Nashville.

Avil sa...

Eg elska Magnolia. Betyr det at eg må lese Gjøre godt?

Aina Basso sa...

Det veit eg ikkje. Så langt har eg høyrt så ulike meiningar om den boka, at det rett og slett er vanskeleg for meg å vite om eg burde tilrå andre å lese henne, eller ikkje. Sjølv hadde eg ei god leseoppleving, men eg kan likevel seie meg einig i noko av kritikken andre har kome med.

CassandraMortmain sa...

Philip Seymour Hoffman gjør en hver film vel verdt å se. Strålende skuespiller!

Og jeg likte froskescenen, jeg. :)

Aina Basso sa...

Ja, einig, han er veldig god.

Det er bra ikkje alle er like firkanta som meg, då ;)