Eg fekk meg ein skikkeleg god latter i dag tidleg ved frukostbordet, då eg las Agnes Ravatns stykke om å gå i kloster i siste nummer av Dag og Tid.
Ho refererer til ein samtale ho har hatt med ei nonne (trass i taleforbodet) om klosterkatten, som nonna seier at er litt lunefull om dagen, korpå Agnes forståingsfullt svarer:
"Oh, is she having mittens?"
og deretter føyer til i teksten noko slikt som (Og takk til deg, grunnfag i engelsk).
Jau, ho skriv absolutt vittig, og eg synest ho fungerer vel så godt i kortform, som i lang.
26. juni 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar