26. juni 2008

Kva no?

Eg har hoppa av lettlesbølgja etter tre lettlesne bøker og omlag ei veke.
Plutseleg kjende eg behovet for innhald, meining, noko meir. Samtidig var det utruleg godt å lese noko lett, noko som berre flaut avgarde, bøker eg kunne ha lese ut på ein kveld, om eg hadde vore i det lunet.

Men så var det nok. Medan eg før eg hoppa på bølgja hadde overdose på det tunge, har eg no overdose på det lette. Og kva no? Kva slags bok kan tilfredsstille det eg no har behov for, storforlangande som eg er? Kva slags bok er både tung og lett og meiningsfylt og innhaldsrik på same tid?

Det er ikkje det at eg ikkje allereie har eit par bøker liggande på nattbordet. Eg har jo det. Men er det dei eg vil lese akkurat no? Eller vil eg lese noko anna først?

Grunnen til at dette spørsmålet blir spesielt viktig akkurat no, er fordi eg skal på hyttetur i helga, og kjenner på meg at eg må velje ut ei fin bok å ha med meg, i tilfelle det blir litt tid til lesing. Så kva for ei av dei 45 ulesne i hylla skal eg velje? Eller held det om eg tek med Americana og Skugga-Baldur?

4 kommentarer:

cox sa...

Tror nok det holder med de to. Don DeLillo fatter seg sjelden i korthet.
Men for ordens skyld (eller av pur nysgjerrighet) hvilke er de 45 uleste?

Avil sa...

Du må ta med Søvnens lekkasje i tilfelle du blir lei av ting som heng saman og er mandig handfaste.

Aina sa...

Cox:
Det heldt med ei. Faktisk las eg ikkje ei side heile helga...
Skal sjå om eg klarer å kome med ei lita ulesen liste. Tippar eg ikkje har alle i hovudet, men kan jo ta det litt sånn ca.

Avil:
Den har eg ikkje kjøpt enno, men takk for rådet :)

Avil sa...

Beate G er konge.