24. juni 2008

45

Ei av dei ulesne
I går telte eg alle dei ulesne skjønnlitterære bøkene i bokhyllene mine, og kom til 45.
Det kjentest som eit uhorveleg høgt tal, og plutseleg følte eg meg som ein juksepave.

Før hadde eg aldri ulesne bøker i hyllene. Det var ein kombinasjon av tilgang og ressursar som gjorde det. For det første lånte eg meir av det eg leste, og kjøpte færre bøker sidan eg ikkje hadde særleg pengar. I tillegg las alle eg eigde minst ein gong (inkludert dei dårlege). For det andre budde eg på ei øy utan butikk. Det er plutseleg blitt så lett å få tak i bøker, no. På nettet, bokhandlar overalt, bøkene kastast nærast etter ein. Og ein er jo så svak. For bøker.

Eg vil påstå at eg har ulesne bøker for ein kvar smak i bokhyllene.
Kjente og ukjente, gode og dårlege, gamle og nye.

Etter eg hadde telt, fekk eg ein plutseleg trong til å planlegge kva bok som skal bli den neste eg skal lese. Heldigvis har eg bestemt meg for å slutte å planlegge alt muleg, og ta tilbake spontaniteten i lesinga, så eg nekta meg sjølv (strengt) å gjere det. Men eg merkar eg lurer meg til, når eg trur eg ikkje merkar det. Eg har allereie planlagt å byrje å lese 16.07.41 den dagen eg skal reise heim på ferie, nemleg 16.07.08. Og då den første setninga var noko slikt som "I dag skal jeg ut og fly", blei det jo nærast predestinert, det heile. Eg har også minst to andre bøker eg må lese innan utgangen av juli, men eg skal prøve å ikkje tenke særleg på det, og late som eg er eit nytt og spontant lesemenneske.

4 kommentarer:

Cassandra Mortmain sa...

Jeg synes det er en luksus å ha uleste bøker stående i bokhylla! Som deg hadde jeg tidligere alltid lest alle bøkene i bokhylla, og det var en pine når jeg gikk tom for lesestoff. Nå derimot, kan jeg gå bort i hylla og riktig kose med meg å velge ut neste bok: Skal jeg lese engelsk eller norsk? Samtid eller klassisk? Spenning eller humor? Luksus! :)

Aina sa...

Jaudå, ein kan sjølvsagt velje å sjå positivt på det :)

kristine sa...

Da jeg så Q som illusjtrasjon til dette innlegge ble jeg også minnet om mine uleste bøker. Jeg har nok lest veldig etter lyst prinsippet i det siste, men har nå tatt en titt på lista for å velge meg neste bok ut.

Aina sa...

Og kva har du kome fram til?