23. juni 2008

Vanlege reaksjonar

Folk er stort sett veldig interesserte når dei får høyre at eg skal gi ut min første roman om eit par månader. Entusiastiske og ektefølte gratulasjonar følgjer, og saman med desse det naturlege spørsmålet om kva boka handlar om, og deretter, korfor eg har vald å skrive om akkurat dette temaet. For dei som ikkje synest ein historisk roman om blodskam heilt er tingen, plar spørsmåla å døy ut omtrent her. Med dei som framleis er interesserte, fortset gjerne samtalen ei lita stund til.

Det er ikkje så mange som umiddelbart tenker seg at denne romanen eg har skrive kan vere for noko anna målgruppe enn for vaksne, så når det kjem fram at det er ein roman for ungdom, kan det interesserte "åja" endre karakter ein smule. Når dei i tillegg får vite at boka er på nynorsk, er det nokre som får eit behov for å trøyste meg for dette dårlege valet eg har gjort, kva med å både skrive for ungdom og på nynorsk, med å til dømes føreslå at eg kan omsetje boka til bokmål, slik at eg får selt litt meir. Dei kan også trøyste meg med å seie at eg kan jo skrive mi neste bok for vaksne (slik at eg kan bli ein "skikkeleg forfattar", eg òg, og sjølvsagt då få denne omsett til bokmål, slik at dei som har litt tungt for det også får ta del i gleda).

Andre spør meg entusiastisk om eg har tenkt å skrive fortsetjing på boka, og det aner meg at deira førestelling om kva ein historisk roman er, baserer seg på dei godt selgjande seriane (på bokmål) vi kan finne i hyllene på Narvesen, eller kanskje Innhaugbøkene og serien om Julie av Anne Karin Elstad.

Det er ikkje så ofte eg fortel at eg har skrive ein roman i poetisk prosa.

Nei, det er ikkje så lett å få andre til å forstå at dette faktisk er noko eg har vald sjølv, at eg gjorde det som kjentest rett, som eg ville gjere, og som eg er veldig glad for at eg har gjort. Men eg er sikker på at dei er glade på mine vegne, sjølv om dei synest eg er litt rar.

8 kommentarer:

Avil sa...

Fnis.
Gjett om folk ser medlidande ut når eg sier at eg skriv fantasy for vaksnenynorsk.

Aina sa...

Ja, huff! Din stakkar! ;)

Avil sa...

Og så seier dei "ja, du veit jo du får mykje færre lesarar, då."

Nei, det veit eg ikkje.
Og det veit strengt tatt ikkje dei heller.
Song for Eirabu blei kulast på nynorsk, og kule bøker sel kan hende betre enn litt teitare bøker.

Aina sa...

"Ringdrotten" blei vel høveleg populær, eller kva?

Eg synest iallfall det er flott at du skriv på nynorsk. Det skulle f*** berre mangle at ein ikkje kunne skrive om norrøn mytologi på det som er likast det opphavleg norske språket.

Dessutan handlar det ikkje om å selje. Det handlar om å skrive.

Avil sa...

Det handlar for meg om at denne boka skal bli så bra som eg får til. Og eg freista skrive første kapitla på begge målføre, og bokmål blei forkasta.

Aina sa...

Jepp. Og då har du tatt det einaste rette valet. Ein må føle for det sjølv. Trur det blir fint, eg.

Elin sa...

Egentlig tenker jeg ikke så mye over om det er ungdomslitteratur eller ikke. Barne- og ungdomslitteratur er generelt undervurdert, og jeg synes ofte grensene mellom ungdoms- og voksenbøker er særdeles flytende. Flere bøker som i utgangspunktet er tenkt på som ungdomsbøker kunne like gjerne vært voksenbøker.

Uansett, jeg gleder meg fortsatt stort til å lese boka di...

Aina sa...

Nei, det er eg einig i. Men eg trur ikkje det er så mange som har det same synet som deg - eller meg.

Heldigvis finst der nokre som ikkje ser merkelappen "vaksenroman" som kvalitetsstempel uavhengig av innhaldet, men mange gjer nok dessverre det. På same måte som nokre steilar fordi ein skriv nynorsk, og andre fordi ein skriv dikt, eller fantasy eller kva det no måtte vere.

Men sånn er det jo uansett. Ein kan aldri gjere alle til lags. Og det er det jo heller ikkje noko poeng i å prøve på.