13. mars 2008

Kulissene i hovudet

Korleis framfører ein eit dramatisk stykke om havet frå ei scene?

For hundre år sidan ville dei kan hende skjert ut pappbølgjer, som dei let duve opp og ned over scenegolvet, med skodespelarane plassert bakom, i ein brun trebåt, i kostymer, hattar, kan hende, eller sydvestar. Lydeffektar ville der vore, svusjing og klukking frå bølgjer, kanskje eitt eller to ulike bakteppe dei kunne fire ned når det passa slik.

Slik gjer ein det ikkje i dag. Ikkje med Eg er vinden. Ikkje med Jon Fosse.

To menn på ei svart scene. Den eine og den andre.
Kvitt golv, kvite skjorter, bakoverstròke hår, svarte bukser.
Lyskastarar mot figurane, urørlege. Snart opplyste i kvitt, snart dusare, nesten gult.
Skuggane framover, skuggane mot sida, skuggane bakover.
Ein skjøner med det same kven det er som skal døy.

Dei står stille.
Dialogen fortel at dei er på havet saman, i ein båt.
Den eine snakkar om å søkke nedover i sjøen. Sjøen er for lett, han er for tung, ein stein.
Den andre blir redd. Han skjøner ikkje. Dei siglar.

Mennene står nærast urørlege på scena og snakkar.
Berre mimikken, dei få gongane dei snur litt på seg, flyttar armane ut av lommene og let dei henge langs sida.
Likevel er havet der.

Havet er inne i hovuda våre. Havet og skjera, dei grå skjera, dei runde fjøresteinane, himmelen, havet. Havet blankt og vakkert, vêret er bra, vinden god.
Havet svart, bølgjene store, svarte, bølgjetoppane, kvite. Skodda der ute. Himmelen svart, og havet.

Eg ser den eine på netthinna.
Den kvite siluetten hans brenn seg fast, og blir svart på lys bakgrunn når eg ser mot den mørke stolryggen framfor meg.
Den svarte siluetten hans glir oppover framføre auga mine, stiller seg ein augneblink mellom dei to mennene på scena.

Kulissene finst i hovudet.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Takk for teateropplevinga!

(eg har fått omslag på epost! hurra)

Aina Basso sa...

OJOJ!
Er du nøgd? Er det slik du har sett føre deg? Har du fått med nokon idear?

Eg får legge ut mitt over påske. Gler meg! No har vi bestemt forfattarfotoet som skal vere i innbretten. Det er igrunnen veldig rart, alt saman. Er det ikkje?

Anonym sa...

Det er meir enn rartr. For aller første gong er eg også blitt oppriktig nervøs for at alle som kjøper boka skal bli skuffa.
Sidan folk eg kjenner kjem til å kjøpe den, og kanskje folk her på nettet og sånn. Eg kan aldri vise meg ute igjen om boka er elendig. Hoff.

*katastrofetankar*

Og omslag, ja. Jo, eg måtte tenke litt på det. Eg er ikkje nøgd med tittelen, og kombinert emd eit omslag som kanskje var litt meir "fantasy" enn eg hadde tenkt, blei litt sånn ja, eg veit ikkje. Ikkje heilt. Som eg vil ha det. Men det blir kan hende betre med ein betre tittel.
Hjølp.

Aina Basso sa...

Då må du berre sørge for dette:

Ikkje gi ut noko du sjølv ikkje kan stå for 100 %. Ver sikker på at manuset er så godt som det kan bli frå di hand på dette tidspunktet i livet (som debutant, altså), ver sikker på at du har vald den beste tittelen du kan kome på, og gå ikkje med på eit omslag du ikkje synest er bra (nok).

Hugs at det er ditt namn som assosierast med boka (ikkje forlagets eller redaktørens), og at det er din tekst, ikkje deira. Du føler kanskje at du er heldig som får utgitt noko, og at du dermed bør gå med på "alt" dei vil, - og du er heldig, vi er heldige, men det er din tekst, di framtid, ditt namn, og ditt val.

Eg er sikker på at det kjem til å gå veldig bra, men stol på magekjensla di, og høyr på gode råd (men ikkje ta alle). Den kombinasjonen trur eg vil føre deg langt. Lykke til!