16. mars 2008

Fornya tillit

Eg har for ikkje lenge sidan gått til åtak på mi faste "vekeavis for kultur og politikk", Dag og Tid.

Eg skreiv at eg er blitt lei alt bygdestoffet (eg bur jo i Oslo og er ikkje bonde, sjølv om eg stammar frå bønder, men ettersom eg har vakse opp på ein nedlagt gard, der det einaste møtet med jordbruket for min del var å krype under hesjane som seksåring, vere med og ta opp poteter i den vesle åkeren på marka bakom huset, eller neper (som eg åt med jord på) frå kjøkenhagen tidleg på barneskulen, samt den gongen eg skulle krype under eit straumgjerde, og sette handa rett ned i ei relativt fersk kuruke så alle lo av meg, eg kan ha vore åtte, føler eg meg ikkje veldig intereressert i bondestoffet).
Men likevel har eg fått fornya tillit.

Det har alltid vore gode kulturartiklar og bokomtaler i Dag og Tid. Til dels krasse, arrogante og elitistiske bokomtalar, javel, men like fullt omtalar av bøker eg interesserer meg for, og som få andre aviser (med unntak av Klassekampen og Morgenbladet) skriv om. Men det er to andre element som har ført til fornya tillit frå mi side, og her er dei:

1. Ragnar Hovland skriv framleis morosame Innsider (og eg som trudde han hadde slutta og var bytta ut med Karin Moe (komplett uforståeleg humor), Arne Hjeltnes (skriv altfor mykje om laks) og Herborg Kråkevik (ingen kommentar)).
2. Den unge Samlag-forfattaren Agnes Ravatn, som m.a. Tehme Melck har kome med godord om, og som i fjor debuterte med romanen Veke 53, har byrja skrive svært gode, underfundige og interessante tekstar der.

Så dette er kan hende eit dementi til alle triste Dag og Tid-lesarar som syntest min krasse kritikk av deira favoritt-vekeavis var både vond og utimeleg: Det gjekk over.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hm ... mange år siden jeg leste Dag og Tid nå. Skulle kanskje finne et eksemplar igjen, og se om jeg kan lese med nye øyne nå ...