3. januar 2008

Suggererande skriving

Eg tenker ein del på Jon Fosse.
Stundom unaturleg mykje, trur eg. Eg har endåtil drøymt om Jon Fosse om natta.

Kva er det ved Jon Fosse som gjer at han så ofte kjem inn i tankane mine?
Eg kjenner han jo ikkje. Eg har aldri møtt han.

Det er vel det at han er slik ein god og anerkjend forfattar, som er grunnen. Og at eg sjølv håper eg òg skal bli ein god forfattar. Slik som Fosse. Berre utan å vere slik som Fosse. Eg vil jo vere meg sjølv, eg vil ikkje vere ein hermar, ein dårleg kopi.

Jon Fosse er nærast blitt ein mytisk skikkelse for meg. Eg les om han i aviser, eg høyrer om han frå folk som har møtt han. Slikt han har sagt, slikt han har gjort, måten han skriv på, kunstnaren Fosse. Den distanserte, sky og sære kunstnaren. Dramatikaren, diktaren. Vår tids Ibsen.

Eg les Det er Ales. Eg les henne på flyet, flyplassar, bussar. Det er ei kort bok. Ein kortroman. Men innhaldsrik. Eg hugsar første gongen eg las om Jon Fosse. Det var i 2004, då Det er Ales kom ut. Eg sat på eit fly. Flyet heim. Eg hugsar det. Det stod at Jon Fosse, dette for meg ukjende forfattarnamnet, hadde kome med ein kortroman. Han fekk strålande kritikkar. Eg tenkte at om Jon Fosse kan gjere det, kan eg også. Så eg skreiv ferdig kortromanen min og sende han til Samlaget.

Det tok mange år før eg las noko av Jon Fosse. Først høyrte eg mykje om han. Eg såg titlane på teaterstykka hans, og vart overraska over at han brukte nesten identiske titlar som eg sjølv valde på mine tekstar (noko som førte til at eg måtte endre mine eigne titlar, for å ikkje herme etter Jon Fosse). Det første eg las, likte eg ikkje. Eg syntest han gjentok seg sjølv. Eg las tre sider, og klappa saman boka. Så prøvde eg igjen. Morgon og kveld. Den likte eg. Den likte eg så inderleg godt.

Han skriv suggererande, Fosse. Han sug meg inn i teksten, sug meg med teksten. Han gjentek setningar og formuleringar, han let tida flyte, han skaper ei stemning og eit sug som påverkar meg. Eg les Det er Ales, og ho påverkar meg. Eg undrar på korleis han får det til.

Ingen kommentarer: