2. januar 2008

Ønske for eit nytt år

Vi er så vidt i gong med 2008, og eg er i min siste feriedag.
I dag skal eg reise med fly tilbake til Oslo, og i morgon skal eg byrje i den nye stillinga.

2008 teiknar så langt til å bli eit bra år. Eg skal gi ut mi første bok, noko eg håper blir starten på ein lang og innhaldsrik forfattarkarriere, eg har ein kjekk jobb og mange flotte folk å omgi meg med. Når eg skodar framover året frå denne andre streken i ei lang rekke små strekar, ser eg føre meg sol og gode dagar, spennande utfordringar og gode opplevingar.
Og eg håper og trur at 2008 vil bli prega av god skriving og god lesing!

Kva vil eg så bruke leseåret 2008 til?
Dersom eg skulle sette meg nokre mål, måtte det eine vere å lese meir av debutantbøkene - det er viktig å halde seg orientert om kva som rører seg, kor dei nye kreftene dreg, og få eit blikk for sitt eige i ein større samanhang. Det andre måtte vere å fortsette å bli kjent med både moderne og umoderne klassikarar innan litteraturen. Det tredje å lese meir av desse små, smale forfattarane som ikkje ropar så høgt, men kanskje har desto meir intense bodskap. Og det fjerde? Det fjerde må vere å framleis la meg underhalde, la auget få gå dit leselysta fører det.

Nokre konkrete postar på årsprogrammet har eg kanskje allereie:
Eg vil fortsette å lese Solstad, Woolf, Undset og Fosse.
Eg vil lese meir lyrikk, deriblant av Paal-Helge Haugen.
Eg vil prøve å lese fleire bøker frå bokhylla, kontra kjøpe eller låne nye heile tida.
Eg vil lese Gertrude Stein!

Og når det gjeld skrivinga?
Eg skal gjere boka så god eg berre maktar, og etterpå skal eg øve meg på å skrive i korte format.

Ingen kommentarer: