1. januar 2008

Leseåret 2007

Eg byrja året med den dårlege historiske romanen Labyrinten og slutta med den nesten like dårlege historiske romanen Historikeren. Kva seier dette om meg?

Kanskje seier det at eg likar historiske romanar. Kanskje seier det at eg fell for freistinga til å lese store, opphypa bøker. Kanskje seier det at eg likar å bli underhaldt.

Eg har hatt eit godt leseår. Dels fordi eg har vidareutvikla vennskap til gode lesarar, dels for mi eiga skriving, og dels fordi eg har hatt tid og ork og ikkje minst lyst.

Den dårlegaste boka eg las i året som gjekk var nok Labyrinten av Kate Mosse. Heldigvis var høgdepunkta mange. Den siste Harry Potter-boka kom, og eg slukte henne på to dagar. Eg oppdaga Paal-Helge Haugen, fordi mitt eige manus av konsulenten vart samanlikna med hans Anne. Eg oppdaga også Jon Fosse, gjennom den vakraste boka Morgon og kveld. 2007 er også året eg blei kjend med fantastiske Jasper Fforde og hans multiple litterære univers. 2007 var året for gode lesesirkelbøker, og oppdaginga av to store, litterære førebilete, nemleg Virginia Woolf og Sigrid Undset. Begge har eg lese bøker av før, men ikkje dei rette bøkene. Der er ingen bøker frå året som gjekk eg angrar på å ha lese. Alle har gitt meg noko. Om ikkje anna, så ei erkjenning av at denne boka og denne forfattaren ikkje er for meg. Og så vidt eg kan hugse er det ikkje mange bøker eg har gitt meg på i året som gjekk, men Berlinerpoplene av Anne B. Ragde er ei av dei.

Her er lista over mine gode, middelmåtige og dårlege leseopplevingar i 2007, til glede og inspirasjon, får vi håpe:

56. L.M. Montgomery: Annes drømmehjem
55. Elizabeth Kostova: Historikeren
54. L. M. Montgomery: Anne drar fra Bjørkely
53. Lene Kaaberbøl: Skammarteiknet
52. Mikhail Bulgakov: Mesteren og Margarita
51. Lene Kaaberbøl: Skammarens dotter
50. Sigrid Undset: Den lykkelige alder
49. Edmund Austigard: Taxi for B.A. Beckström - eller kunsten å danse på furu
48. Paal-Helge Haugen: Anne
47. Sigrid Undset: Fru Marta Oulie
46. Anna Gavalda: Eg vil at nokon skal vente på meg
45. Jasper Fforde: Something Rotten
44. Douglas Adams: Livet, universet og alt mulig
43. Douglas Adams: Restauranten der universet slutter
42. Douglas Adams: Haikerens guide til galaksen
41. Henrik H. Langeland: Francis Meyers lidenskap
40. Dorothy L. Sayers: Dødsklokkene
39. Jon Fosse: Dikt 1987-1992
38. Knut Hamsun: Sult
37. Marit Kaldhol: Ho som ror
36. Erik Fosnes Hansen: Løvekvinnen
35. Dag Solstad: Spiraler
34. Dorothy L. Sayers: Strong Poison
33. Lilla Bulyovszky: Reiseminner fra Norge 1864
32. Michael Evans: Innføring i dramaturgi
31. Truman Capote: Breakfast at Tiffany´s
30. J.K. Rowling: Harry Potter and the Deathly Hallows
29. Jasper Fforde: The Well of Lost Plots
28. Jon Fosse: Morgon og kveld
27. Gro Dahle: Loop. En loggbok
26. Gro Dahle: Karneval. Dikt i utvalg 1987-1997
25. Marit Kaldhol: i huda er gud ein munn
24. Marit Kaldhol: Likevel
23. Dorothy L. Sayers: Ubehagelig episode i Bellona-klubben
22. Jasper Fforde: Lost in a Good Book
21. Agatha Christie: There Is A Tide
20. Dorothy L. Sayers: Unnatural Death
19. Patricia Wentworth: The Fingerprint
18. Virginia Woolf: To the Lighthouse
17. Dag Solstad: Professor Andersens natt
16. Helene Uri: De beste blant oss
15. Kjell Askildsen: Hundene i Tessaloniki
14. Dag Solstad: T. Singer
13. Phillip Pullman: En kikkert av rav
12. Phillip Pullman: Den skarpeste kniven
11. Phillip Pullman: Det gylne kompasset
10. Dorothy L. Sayers: En sky av vitner
9. Beate Grimsrud: Å smyge forbi en øks
8. Richard Ford: Rock Springs
7. Dag Solstad: Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman
6. Franz Kafka: Prosessen
5. Jasper Fforde: The Eyre Affair
4. Berit Vatne Vik: Dagen om natta
3. Erna Osland: Reisa til Maria
2. Kate Mosse: Labyrinten
1. Mikael Niemi: Mannen som døde som en laks

5 kommentarer:

Flopsy sa...

Variert og fyldig leseliste! Akkurat en slik en er det jeg har lyst å produsere i løpet av 2008, jeg tror jeg får la det være årets nyttårsforsett.

Jasper Fforde har vi i hylla her også, jeg tror det er The Eyre Affair som står er. Likte du den? (Har ikke lest den selv).

Ellers vil jeg bare benytte anledningen til å ønske deg et godt nytt bokår :-)

Aina Basso sa...

Eg elskar alt eg har lese av Jasper Fforde, inkludert The Eyre Affair. Tilrådast på det sterkaste! Både den og resten av serien om Thursday Next. Bok nr. to og tre er vel mine favorittar så langt.

Elles synest eg du har valt deg eit flott nyttårsforsett!
God lesing, og godt bokår!

Flopsy sa...

Takk det samme!

Da får jeg se om det blir mulig å rydde plass til Forde i løpet av året. Så mange bøker, så liten tid :-)

Anonym sa...

Den leselista er jo vanvittig lang!
- I våres leste jeg sikkert en fem-seks bøker: morsomme, ikke for tykke. Noen av dem hadde jeg lest før (Pratchett).
- I sommer leste jeg kun ei bok: veldig god, livsforandrende (William Horwood).
- I høst leste jeg to bøker: veldig gode, i serie (George R.R. Martin, startet på tredje boka i serien i romjula).

Men hvordan i all verden er det mulig å lese 56 bøker på ett år???

Aina Basso sa...

Ja, du kan så seie.
Her skulle eg gjerne svart at eg ikkje har gjort stort anna enn å lese, at eg ikkje har eit aktivt sosialt liv eller at eg kun har lese svært lette bøker, men ingenting av dette er sant.

Svaret er nok fleirdelt:
Eg har prioritert lesinga i år, og eg har funne tilbake til barndommens og ungdomstidas leselyst. Eg har lese på bussen til jobb, og eg les alltid minst ein halv time på senga kvar kveld. Eg har også variert lesinga mellom tunge og lette bøker, korte og lange, og eg har lese omigjen gamle favorittar frå barndoms- og ungdomsåra, som naturleg nok ikkje er like krevjande å lese som ein del vaksenlitteratur.

Ein annan ting å nemne er at eg har lese som research for å betre mi eiga skriving. Og ettersom eg ikkje er student lenger, les eg lite i arbeidstida, og har dermed overskot til å lese meir på fritida.

Men når det er sagt: Det overraskar meg sjølv, også! Eg forstår ikkje korleis eg har fått tid!