30. desember 2007

Historikeren

Ja, som Tehme Melck ganske riktig påpeikte burde tittelen vere nok til å fange mi merksemd. Det gjorde han også, den gongen boka byrja bli kjent her i Noreg. Eg har likevel venta lenge med å lese henne. Mange av mine historikarkolleger har lese henne før meg, så eg kan vel trygt seie at eg visste kva eg gjekk til.

Tehme Melck, som forøvrig er ein av bokas to omsetjarar, påpeiker at boka er typisk amerikansk, verkar å ha kome som resultat av eit kurs i "Creative Writing", at ho er voluminøs og prega av amerikanaranes Europa-fascinasjon. Det mytiske Europa, må ein vel seie, for det er indre Aust-Europa vi blir best kjent med, og ettersom dette er ei bok om Dracula og jakten på han via bibliotekskjelder (korfor ikkje arkiv?), er det naturleg nok Trasilvania og Valakia som er navet historia dreiar rundt.

Tja, kva skal eg seie om denne boka? På 890 sider er ho sjølvsagt dobbelt så lang som ho burde. Når ho i tillegg har lange, keisame transportetapper og er prega av snakkesaligheit, er det ikkje slik at det går fort å lese dei nesten ni hundre sidene. Hadde eg ikkje hatt ferie og vore i mi beste leseform, kunne eg fort brukt eit halvt år på å kome gjennom denne boka. Og det er ho ikkje verd. Språket er sjølvsagt ikkje av strammaste og beste sort, men dette er nok forfattarens eigen feil, eg ser ingen grunn til å skulde dette på omsetjarane. Når så boka endåtil manglar eit skikkeleg klimaks; når eg har slite meg gjennom 850 sider med mesteparten tøv og uinteressant farting hit og dit, utan noko som er eigna til å eingong sette støkken i meg, blir det skuffande at boka flatar ut. Der høgdepunktet skulle kome, eit klimaks som kunne vore blåst opp og gjort til noko skikkeleg dramatisk og spennande, verkar det som om forfattaren er lei, og på ein-to-tre er det over.

Og som historikar må eg seie dette: Dette er ikkje ei bok ordentlege historikarar treng å lese. Ein kjenner seg ikkje igjen, ein lærer ingenting nytt, det er ikkje spennande kjeldegransking, og for oss arkivarar: dei brukar ikkje eingong hanskar når dei handterar eldegammalt, unikt materiale. Terningkast: 3

2 kommentarer:

kristine sa...

Nå begynner det å bli en stund siden jeg leste boka (på engelsk), men jeg synes også den var litt drøyt lang.

Likte innspillet på at det virker som boka er skrevet på et creative writing course. Det er jeg enig i. Det er akkurat som om man har idemyldret over litt for mange ideer - uten å kutte noe.

Og jeg er enig i at det burde vært mer om kilder, dvs arkivmateriale, for å legitimere tittelen.

Aina sa...

Einig i det med litt for mange idear. Boka hadde vore betre om historia hadde fulgt ei strammare linje, med færre utstikkarar og færre like hendingar og personar.