27. desember 2007

Julepost

Eg har lang juleferie i år.
No står dagen gråmørk og flytande utanfor vindauga på huset. Markane er visne, fossen stor, fjella ligg i ein tynn dis.

Eg har ete, drukke og lese.
Dei vanlege familiesamlingane; ein kveld med fnis og raudvinsbris med gamle venninner.
I dag er ein dag for sofaen og den tjukke Historikeren om jakta på Dracula. Eg kosar meg. Sjølv om boka er dobbelt så lang som ho burde vere, apropos bøker som er lange utan å ha ein god grunn for det. Eg har også lese den tredje Anne-boka; Anne drar fra Bjørkely. Eit hyggeleg og nostalgisk gjensyn med mi barndomsheltinne. Eg les også litt i Det er Ales, men boka er mørk og dyster, og eg er lett og julete, og vil helst bli underhaldt.

Elles deggar eg for ein byrjande senebetennelse, og kan ikkje verken skrive eller spele så mykje. Ei god unnskulding til å lese desto meir. Eg har ikkje sett på romanen, heller. Igrunnen trur eg han er ferdig. Han får kvile til ferien er over, så får eg sjå over om der er noko eg kunne pirka endå litt på.
Tilbake til bøkene!

3 kommentarer:

Tehme Melck sa...

Jeg har vært spent på hva du ville si om Historikeren. At du koser deg med den, lyder betryggende. Jeg er nemlig en av bokens to oversettere, det vil si at jeg har oversatt første halvdel.

Aina sa...

Jaudå, det er jo ei spennande bok, for oss som likar Dracula og vampyrar, men noko stort litterært meisterverk er det jo ikkje. Kva synest du sjølv, då?

Tehme Melck sa...

Jeg tenkte mest på hvordan du syntes at oversettelsen og språket fløt.
At det ikke er noe stort litterær mesterverk, er jeg enig i. I mine øyne en typisk amerikansk "creative writing course"-bok, voluminøs og preget av amerikanernes litt naive Europa-fascinasjon.
Men selv om dette ikke er en bok etter min personlige smak, kan jeg samtidig forstå at mange lar seg fengsle av den. Vampyrer er spennende stoff ... Og bare tittelen var vel antagelig nok til å fange din interesse :-)