21. desember 2007

Kort vs. lang

Er det verkeleg slik at storleiken ikkje betyr noko?

Inspirert av diskusjonen med Avil på innlegget mitt Versjon 1.2, om arbeidet med min eigen skrinne roman, som knapt kjem opp i 150 sider, og hennar fantasy-epos som teiknar til å bli minst 1200 sider (fordelt på eit par bøker), tenkte eg å reflektere litt kring dette med lengda på bøker, og kanskje også få nokre kommentarar på dette frå mine beleste og reflekterte blogglesarar.

Mor mi gispa alltid over meg, når eg kom draksande på mine mursteinstjukke romanar, og nekta plent fleire juler på rad å kjøpe lekablokka Agatha Christies udødelige til meg, sjølv om eg ønska meg den, år etter år. Eg har lese mange lange bøker i mitt liv, og har ingen problemer med å ta fatt på ein roman eller romanserie som famnar fleire tusen sider breitt/ langt. Men det er forskjell på bøker. Det er ikkje berre forskjell på korte og lange bøker, men det er forskjell på korte bøker, og det er forskjell på lange bøker.

Med åra (eg er no inne i mitt 29. år, så eg meinar sjølv eg byrjar få litt pondus) har eg sett stadig større pris på kortare bøker. Og med kortare bøker, meinar eg bøker med eit omtrentleg maksimalsidetal på 300 sider. Korfor er det slik, skal tru?
Eg trur det er fleire grunnar til dette.

For det første synest eg mange lange bøker ville blitt betre med ein god del kutting.
Ikkje berre utbreiar forfattaren seg i det vide og ikkje minst det lange og breie med uinteressante refleksjonar, og patetiske og banale, adjektivspekka skildringar, men i tillegg har han/ho eit slakt og motstandslaust språk, der orda ikkje står der for å bety noko, men av rein vanvare, til tider, eller fordi han/ho ikkje orkar å jobbe særleg med språket, men i staden fokuserer omtrent utelukkande på handlinga. Det er ofte ein kjip korrelasjon mellom "spenningsbøker" (dette i hermeteikn, fordi dei ofte ikkje er så sabla spennande) og eit dårleg språk. Dette er noko eg kunne utbreidd meg om over fleire sider, men eg sluttar her, for å ikkje falle i eiga felle.

For det andre er det ein del lange bøker som er lange berre fordi det er status å skrive ei tjukk bok.
"Å, har du skrive ei SÅ tjukk bok?!", vil forfattaren i mange tilfelle få høyre frå nasegrus beundrande kjenningar. I visse miljø er lange bøker litt tøffare enn korte bøker. I andre miljø kan korte bøker ha høgare status enn lange bøker, ofte fordi dei korte bøkene er lyrikk, og fordi lyrikk kan vere vanskelegare tilgjengeleg og ikkje lesast av massene. Stram poesi og prosa kan vere tyngre fordøyeleg, noko ein må tygge meir på, men ei kort bok treng ikkje vere betre enn ei lang bok, ei heller særleg tungt fordøyeleg, berre så det er sagt.

For det tredje, og dette er kanskje den mest praktiske, men minst tungtvegande grunnen, er det mykje god litteratur der ute, både av samtidslitteratur og eldre litteratur, og frå alle verdshjørne. Det er ikkje til å stikke under ein stol at ein kan kome gjennom meir av denne potensielt utviklande og berikande litteraturen ved at bøkene er litt kortare, enn ved at dei er veldig lange. Det går ikkje mange Ringenes Herre eller Ulysses på eit år for dei fleste av oss, for å seie det slik. Og livet er, som kjent, kort.

Ja, no er eg spent. Kva synest de andre om dette temaet? Betyr storleiken noko? Dersom de står med to like gode bøker, den eine tjukk og den andre tynnare i hendene, kva fell valet på?

7 kommentarer:

Avil sa...

Eg har skrive bok før. Den var lita og tynn og handla om ei lita ytre og ei stor indre reise.
Dersom eg hadde vore meir mottakeleg for redaktørgjerninga til forlaget, hadde boka blitt endå strammare, kvar einaste setning pregnant og dobbeltbunna, og boka hadde nok både blitt omlag 100 sider og utgitt.

No skriv eg ei heilt anna fortelling, som krev meir plass mellom permane. Eg håper språket ikkje vert skadelidande. Me får sjå.

Eg er ein langsam lesar. Det er ikkje mange bøkene eg kjem gjennom på eit år. 2007 begynte med at eg brukte tre månader på å lese "Tigana". Som er ei tjukk bok alle i heile verda burde lese. Så kom mor mi med ein pose moderne, norsk litteratur, og eg las vel fire-fem bøker på to månader.
Dei var gode, "Søvnens lekkasje" var faktisk veldig god. Og bøkene var ikkje lenger enn at eg kom meg greitt gjennom dei på ei veke.

Eg ville aldri velge bok utfrå lengde.

Men eg merker at dei bøkene som eg har sorg etter, dei bøkene eg lengtar etter og grip meg i å ville lese om igjen, er dei lange bøkene.
Det skjer noko med meg når eg får vere lenge nok i lag med ei bok.
Eg blir glad i boka, glad i universet og karakterane, på ein annan måte.

Når eg no ser tilbake på 2007 er eg ikkje i tvil. Eg elskar Tigana høgast. Og det ville eg neppe gjort om ho var 250 sider lang.

Aina sa...

Dei gode, lange bøkene treng ikkje ha like stramt språk som dei gode, korte. Dette meinar eg er ei kjensgjerning. Sjå berre på "Mesteren og Margarita"! Inga dårleg bok, ikkje merknadsverdig dårleg språk, men heller ikkje eksepsjonelt unikt eller spennande. Same med Dag Solstad, som jo har eit språk som går over stokk og stein både titt og ofte. Men leseverdige er bøkene alltid, og tettpakka, om ikkje så lange (300-400 sider, kan hende).

Eg måtte google "Tigana". Fantasy, stod det. Les du mykje innan den sjangeren? Eg les litt, men mest anna. Det er absolutt ein fordel å lese slik litteratur ein sjølv vil skrive. Så slepp ein å gjenta andres allereie uttrykte gode idear. Det har eg byrja med dei siste åra. Lese slik litteratur som eg vil skrive, altså. Og eg har lese mykje rart og spennande og flott, og stort sett kort. Hehe.

Kanskje den korte boka di kjem ein annan gong, seinare? Etter at du har skrive den lange, handlingsspekka? Eg set pris på begge delar, sjølv. Både korte, indre reiser, og store, ytre.

Avil sa...

Tigana er skrive av Guy Gavriel Kay.
Han har også skrive The Fionavar Tapestry, som er ein trilogi (altså tre mursteinar).
Veldig lesverdig.
Løp og kjøp.

Men å lese slikt ein sjølv vil skrive syns eg også funkar bra.

Og eg ser filmar. Stardust, Beowulf og The Golden Compass (boka er ein miljon miljard gongar betre). Og kjem i tankar om grep eg må gjere i mi eiga fortelling.

Aina sa...

Takkar for tipset.
Neste gong eg treng noko eventyrleg, skal eg hugse denne meldingsvekslinga :)

Avil sa...

oh, spam-adam rider igjen?

Anonym sa...

Jeg skulle liksom starte på en bokserie for fire år sida, men så måtte jeg utsette den, fordi jeg ikke var klar enda. Så jeg bestemte meg for å skrive ei anna bok først, som en øvelse, og den skulle ha én eneste ide: action!

Men nå er den blitt en serie også, på fem bøker, og jeg er akkurat i ferd med å skrive ferdig første boka, som måtte kortes ned fra over 900 sider (kremt).

Lange bøker er fine de, når de er gode, for da varer den gode følelsen. Men mer enn det: de gir fortellinga anledning til å vokse på en annen måte.

(og ja, jeg skriver fantasy, så vi to må helt klart møtes en dag, Avil)

Aina Basso sa...

Ja, hipp hurra for spam-adam ;)
Kanskje eg må innføre spamfilter her. Vi får sjå kor det ber.

spilliv:
Dette var spennande! Vil du røpe noko meir, kanskje? Forlag, tittel... utgivingsdato? Morosamt å høyre frå andre som er i meir eller mindre same fase som eg, om enn innan andre sjangrar og boklengder. Hehe.