19. desember 2007

Jul, jul, jul, jul!

No er det omlag to dagar igjen til eg reiser heim til jul fredag kveld, og eg gler meg veldig til å kome heim og til å ha ferie.

På jobb har eg altfor mykje eg ikkje rekk å bli ferdig med før jul, men som eg burde bli ferdig med, ettersom eg har avansert og skal inn i ei høgare stilling frå nyttår. Utanom jobb skjer det som vanleg mykje kjekt, denne veka nokre kafébesøk med gode vennar, innkjøp av dei siste julegåvene, og pakking. Eg er også invitert på ein tradisjonell amerikansk Egg Nog-fest i morgon, men trur pakkinga må prioriterast. Eg vonar eg får fleire høve seinare.

I går las eg ut Skammarteiknet, og er framleis nøgd med serien. Det gjenstår no to bøker, og eg kjem til å lese dei, òg. Eg kjenner eg gler meg allereie til Avil skal gi ut sin fantasyroman for vaksne kvinner som eigentleg ikkje likar fantasy. Eg er nemleg ei av dei.

Og no ventar den annonserte julelektyren. Eg held meg til planen, og les Historikeren og Det er Ales. Skal også snike meg til å lese dei siste bøkene om Anne fra Bjørkely, som står på jenterommet heime. Dei har eg ikkje lese på ti år, om ikkje lenger.

Elles blir det nok tid til litt av kvart denne jula, håper eg. Det er mange å møte, familie, gamle vennar og nyare vennar. Det er også nokre konsertar å gå på, blant desse ein kveld med jazz og poesi, der Marit Kaldhol skal lese opp. Det blir nok flott.

Eg nyttar dette juleinlegget til å ønske alle mine nye og gamle lesarar ei riktig god jul, eit godt nytt år, og takk for det gamle!

5 kommentarer:

Avil sa...

Det er ganske skummelt og vidunderleg at nokon seier dei gelder seg til å lese ei bok eg ikkje er ferdig med. *juble*

Avil sa...

Meg - meg - meg.

Eh, god jul!

Aina sa...

Ja, så no må du berre få dette til, skjøner du ;)

Ein treng litt oppmuntring og nokre spark bak undervegs! Viss ikkje hadde ikkje eg blitt antatt no i haust, men kaaaaanskje til neste år, viss eg nokon gong gjorde manuset ferdig........

Jørn Roeim sa...

God jul og godt nytt år til deg også, og takk for en god blogg. Høres ut som du har tenkt å ta pause fra den i jula?

Aina sa...

Takk for det!
Høyrtest det slik ut, altså? Nja, vi får sjå! Spørs kva eg får tid og ro til. Og ikkje minst om eg er inspirert!