18. desember 2007

Versjon 1.2

I helga fekk eg ein middels tjukk konvolutt frå Samlaget.
Oppi låg eit eksemplar av manuset mitt, med påskrifter frå redaktøren i knortete, svart, og tidvis nesten uleseleg skrift.

Redaktøren min er ein flink, ung fyr. Eitt år eldre enn meg, og ein skikkeleg litt.vit-superstar. Han pirkar på akkurat dei rette tinga, ser korleis ei setning kan bli betre ved å fjerne eitt eller to ord, sette inn eit komma eller punktum. Ikkje at eg er einig i alt, så klart. Eg har då mine kjepphestar, eg òg. Men mykje er fornuftig. Vi er på ordnivå, no. Eg finn dei heilt riktige orda, slik at teksten skal bli skikkeleg stram og presis. Snart er han klar.
Eg trur tittelen er komen, også. Eg veit ikkje om eg tør å skrive han her enno, eg har enno tid, ingenting er heilt spikra.

Eg sat og skreiv i går og på søndag. Det er godt å sitte slik med teksten. Vere så ferdig at ein kan konsentrere seg om detaljar, eller sjå på dei lange, raude linjene. Dryppe litt frå dei, her og der. Små raudlakkflekkar som dannar eit mønster når alt er lese.

Snart skal eg kome med eit utdrag.

15 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Dette høres ut som en god prosess. Veldig spennende å følge med på, selv for en som kjenner bransjen.

Avil sa...

Eg gleder meg heilt sjukt til eg er komme så langt.

Aina sa...

Ja, det bør du, også. Det er verkeleg stor, stor stas.
Kor langt er du komen, no då?

Avil sa...

Eg skal sende inn første halvdel av boka til det vennlege forlaget no til nyttår. Dersom dei framleis likar det eg driv med, vil dei gje meg ein kontrakt i løpet av januar. Og så har eg tenkt at manus skal vere ferdig (førsteutkast blir det vel) til mars.

Aina sa...

Å, så flott og spennande! Gratulerer! Eg skal krysse fingrane!

Kva slags bok skriv du? Kva sjanger og kva målgruppe?

Avil sa...

Fantasyroman, med vaksne kvinner som målgruppe. Du veit, slike som ikkje les fantasy. ;-)

Aina sa...

Ah - då er eg i målgruppa. Eg er jo ei småvaksen kvinne som ikkje les fantasy, men som elskar Harry Potter, Ringenes herre og Den mørke materien. Dette gler eg meg til! Og på nynorsk, då, så klart!? Tør eg spørre kva forlag, eller er det litt hemmeleg enno?

Avil sa...

Eg konverterte til nynorsk på nett fordi boka vert skriven på nynorsk.
:-)

Sidan eg ikkje har kontrakt enno, har eg jo ikkje forlag. Berre vennlege redaktørar som har lese dei første 20 sidene i september. No får dei 150 sider til å bryne seg på. Når (ikkje hvis, det er lov å håpe) eg har kontrakt, kan eg jo seie kven dei vennlege er. ;-)

Aina sa...

Javel, javel! Det var jo interessant ;)

Det blir spennande å følgje med på utviklinga!

Må berre le litt: Du gir dei vennlege redaktørane 150 sider å bryne seg på - eg har ikkje eit manus som kjem opp i 150 sider, eingong :) Romanar er så mangt.

Avil sa...

Eg hadde ikkje planlagt at det skulle bli så mykje. Og eg har jo høyrt rykter om korleis redaktørar stryk og stryk og kill yor darlings og alt det der. Men eg fattar ikkje korleis noko av dette skal kunne fjernast utan å øydelegge.
Og enno er eg berre kvartvegs i å fortelle den store historia.

Avil sa...

rettar: your

Aina sa...

Kanskje det ikkje er éin roman du skriv, men fleire? Etter mi meining bør ikkje romanar vere lenger enn 300 sider. 300 sider er ei overkomeleg lengde på ei bok. Då orkar ein å ta fatt, og ikkje minst: å fullføre.

Og i lettlesne bøker på 700 sider er det mykje som kunne vore kutta - ei effektivisering av språket, til dømes: Kunne eg ha skrive dette enklare, kortare? Treng eg verkeleg alle desse skildringane og adjektiva, gjentek eg meg sjølv, no?

Dette er jo ting du kan tenke på. Kanskje gjeld det din tekst, kanskje ikkje. Og det kan jo vere fordelar med å kutte ein lang tekst i fleire bøker: Ein tenar jo meir pengar på to bøker, enn på ei :)

Men når alt dette er sagt, så kan eg jo seie så mykje som at eg og du nok skriv i vidt forskjellige sjangrar, der ulike reglar gjeld. Mi bok er skrinn i utgangspunktet, og starta som ein punktroman. No har eg bygd ut til ein meir tradisjonell roman, men stadig i ein poetisk prosa, og ein knapp stil. Det interessante er at boka faktisk minkar litt for kvar gong redaktøren har lese. Han strammar og strammar, og sjølv om eg stundom har litt motstand i meg, kuttar eg når han seier det. "Kill your darlings", og "kill" dei med glede. Det blir berre betre og betre! Og det ein kuttar i denne boka, kan ein kanskje bruke i ei anna? Målet mitt er iallfall ikkje å gi ut kun ei bok. Målet er jo å gjere dette til eit livsprosjekt!

Avil sa...

Eg har i alle fall allereie tenkt å dele opp i to bøker.
Begge blir på omlag 600 sider, om eg får kuttehjelp.

Eg likar store fortellingar og lange bøker sjølv, men hadde aldri trudd eg skulle skrive ein sjølv.
Eg forsøker å vere ordknapp, lite skildringar, lite adjektiv, stramt språk. Eg freister unngå at karakterane driv med refleksjoner, vil heller skildre motiva deira gjennom kva dei seier og gjer.

Men eg har sikkert gjenteke meg sjølv, og kan sikkert stramme.
Eg er veldig, veldig spent på "dommen".

Avil sa...

Sjølv og sjølv. Apropos gjentaking.

Aina sa...

Dette høyrest spennande ut! Det høyrest ut som du har mykje å fortelle, og har ein mykje spennande å fortelle, er eg einig i at lange bøker kan vere flott. Det er dei lange bøkene som er lange berre for å vere lange, eg har noko imot!