17. desember 2007

Som 15 385 debutantar frå Oslo

Eg er frå ei lita øy.
Ei veldig lita øy.

Så lita at eg kjenner alle. Så lita at alle kjenner meg. Og brørne mine. Og tantebarna mine. Og foreldra mine, besteforeldra mine, og deira søsken. Og deira foreldre og besteforeldre. Og veit kven som er søskenbarnet til onkelen til svogaren til tanta di.

Det er som de forstår ikkje så mange innbyggarar på denne øya.
Og øya er så lita at det er begrensa kor mange som får plass der, om dei skulle ha lyst til å flytte dit.
Og likevel, trass i alt dette, kjem det to skjønnlitterære debutantar frå denne øya til neste år.

Frå denne vesle øya ingen veit kor er, frå denne øya som ville skyllast bort ved første teikn til flodbølgje, frå denne øya som aldri tidlegare har fostra ein forfattar.

No kjem det to.

Det er ein høg prosentandel debutantar, det.
Som om det kom 15 358 debutantar frå Oslo by på eitt år.

7 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Morsomt.

Aina sa...

Ja, det er ei stor begivenheit. Vi har allereie byrja snakke om korleis det m� markerast ute i havgapet.

Avil sa...

No blei eg ikkje spor nysgjerrig. ;-)

Aina sa...

Kva er det å ikkje vere nysgjerrig på her, då? Kva øy det er? Kven den andre debutanten er? Kva dei forar oss med, eller kven som var norsklæraren vår på ungdomsskulen? Hehe.

Avil sa...

Øya, sjølvsagt. Øya!

Aina sa...

Øya, ja, så klart, øya!
Viss du klikker på biletet kan det hende du blir litt klokare ;)

Aina sa...

Eg kan jo forresten avsløre at øya med skysløret ikkje er øya eg er frå, men naboøya. Biletet er altså tatt frå mi øy, og ikkje av den.

Men det er slikt eit fint bilete, og det er bror min som er fotograf, så eg let det gå for denne gongen.