7. januar 2008

Det er Ales

Det byrjar slik:

Eg ser Signe ligge på benken der i stova og ho ser på alt det vante, det gamle bordet, omnen, vedkassen, det gamle panelet på veggene, det store vindauget mot fjorden, ho ser på det utan å sjå, og alt er som det har vore, ingen ting er endra, men likevel er alt forandra, tenkjer ho, for etter at han forsvann og blei borte er ingen ting lenger det same, ho er her berre, utan å vere her, dagane kjem, dagane går, nettene kjem, nettene går

Det er ein eg-person som ser alt Signe ser. Eg-personen er til stades to stader i teksten: I første setninga og siste. Kven er "eg"? Det veit vi ikkje. Kanskje forfattaren sjølv.

Tida flyt, historia, hendingane, menneska. Det flyt, viklar seg inn i kvarandre, gjentek seg, blandar seg saman, skjer samtidig. Har det skjedd? Skjer det no? Likevel er det ikkje forvirrande.

og ho ser mot døra til gangen og den opnar seg og så ser ho seg sjølv gå inn i stova, stanse og stille seg opp og sjå mot vindauget og så ser ho seg sjølv sjå mot han der han står framfor vindauget og ho ser, der ho står på golvet, at han står der og ser ut i mørkret, med det svarte lange håret sitt, og i den svarte genseren sin

Boka ga meg sterke referansar til Morgon og kveld.
I Morgon og kveld møter vi gamle Johannes og dottera Signe, blant andre, i eit liknande landskap. Fjorden, naustet, båten, fjøra, vågen. I Det er Ales er det Asle og Signe som er hovudpersonane i det same landskapet. Signe gjenopplever kvelden Asle forsvann, og samtidig dukkar ekko av andre hendingar opp og blandar seg saman med det notidige. Tida blir borte, ein kan vere barn og vaksen på same tid. Det finst også ein Johannes i denne boka, båtbyggaren Johannes. I den siste boka til Jon Fosse, Andvake, er det også ein Asle. Han og Alida er hovudpersonane. Det synast som om forfattaren skriv raude trådar gjennom tekstane. Iallfall er landskapet ofte det same, tematikken. Det blir interessant å sjå kor han ender.

Ingen kommentarer: