7. januar 2008

Ho som ror

STØVLANE

i gangen står støvlane
det er moldklumpar på dei
høge støvelskaft
gaper
grå ullsokkar heng over kanten

ein stad i huset kviler bestefar middag
men snart
skal føtene hans fylle mørket inni støvlane
skal støvlane gå ut stige over grøfter
skal bestefar stå sjå peike
i støvlane sine

BAKOM SKJORTEKNAPPANE

mødrene hadde hud
bestemødrene hadde hud
oldemødrene hadde hud
hud hår hender fingrar
som fann små knappar
i skjorta til guten han med augene
søstrene tantene venninnene
dei ler svingar ljåane svingar rivene svingar
får det til
å svinge kastar alt lener seg
mot det som finst
bakom skjorteknappane

ho ser dei raude munnane
alle vil smake

Marit Kaldhol: Ho som ror (2007)

10 kommentarer:

spilliv sa...

Fine dikt! Fanger noe i dette, en stemning, en fin sentimentalitet.

bharfot sa...

Litt inspirert av Jon Fosse, ble du? ;-)

Aina sa...

Huff, var litt fjern då eg la dette inn i går - det er jo dikt av den drevne lyrikaren Marit Kaldhol, frå diktsamlinga ho kom med i fjor "Ho som ror", som er veldig fin. Forøvrig dikt for unge. Og eg synest dei er veldig fine!

spilliv sa...

Jaja, da var det altså Marit Kaldhol jeg var inspirert av når jeg satt på cafe i dag, og skulle skrive roman, men blei sittende og skrive dikt i stedet for.

Syklusen jeg skreiv på heter "Ordets gamle port". Her er et kort dikt som kom i dag:

Tunga former fuglekvitter
i barnemunnen, blomsterstøv
mellom voksne trekroner.

Et nytt og uprøvd ord
flakser mot skyene.

Aina sa...

Så kjekt at du blei inspirert :)
Har du bestemt namnet på syklusen før du har skrive alle dikta? Kva tenker du på når du kallar det ein syklus? Eller var det romansyklus du sikta til?

bharfot sa...

Neste gang krever vi et egenskrevet dikt fra deg altså, Aina. Banna bein. Tenk å erte oss sånn ;-) Hilsen Oda

spilliv sa...

"Syklus" vil si flere dikt i sammenheng, om samme tema. I dette tilfellet hører syklusen med i et poesiprosjektet Dusindråper, med tolv sykluser på tolv dikt hver. Hver syklus i prosjektet omhandler et kjærlighetsforhold fra start til slutt.

Diktet jeg postet er henta fra en syklus der navnet ikke er helt bestemt enda. Det er mulig den blir hetende "Søtepletone".

Ny smakebit (samme syklus):

Munnen åpner
ordets gamle port.

Ei gammel tregrind
knirker i vårvill vind,
synger for deg.

Søtepletone.

Aina sa...

bharfot:
Takkar for tiltrua. No er ikkje eg nokon diktar. Mi greie er poetisk prosa, iallfall så langt. Men eg skal kome med utdrag frå boka om ei stund. Må berre bli heilt heilt ferdig, først!

spilliv:
Er dette noko du tenker å gi ut på sikt?

spilliv sa...

Joda, det skal nok ut ja, om jeg får viljen min.

"Poetisk prosa" sier du. Hva er det? (smakebit?)

Aina sa...

Då kryssar eg fingrane for at du får viljen din :)
Noko spesielt forlag du ville føretrekke?

Poetisk prosa kan vere mange ting. I dette tilfellet er det ein roman med innslag av poesi. Altså med litt meir bruk av skildring enn det som kanskje er vanleg i prosa. Prosa som krever litt meir av lesaren, kan hende, fordi teksten, i likskap med i poesien, bør dvelast litt meir over. Det er ein roman ein kan lese fort, men det er også ein roman ein kan ha utbytte av å lese sakte. Orda er ikkje berre ord, orda betyr noko, er nøye utvalde, og er der av ein spesiell grunn. I prosa kan orda ofte vere meir som eit verkemiddel for framgong i handlinga.

Smakebit kjem!