9. januar 2008

Roman 1987

Så har eg lese ut Roman 1987.

Då eg kom meg gjennom og forbi dei første 100 sidene, tok boka seg kraftig opp. Då blei det nesten slutt på sidelange utgreiingar om ulike og for meg uinteressante sportsgreiner, med tilhøyrande oppramsingar av sportsresultat (som skøytetider frå 60-talet). Då kom hovudpersonen Fjord seg inn i ei rekke meir interessante faser i livet sitt, og eg kan seie så mykje som at med unntak av ei fleirsides utgreiing om historia til Mesna Kartongfabrikk på Lillehammer, var siste del av boka bra, og ikkje trøyttande.

I etterordet stiller Jon Fosse ein gong på nittitalet (mi utgåve er ei knall lilla bokklubb-utgåve som var hovudbok i 1992, kjøpt på eit antikvariat) spørsmålet om det kan bli litteratur av slikt som Solstad skriv om. Denne tilbakeskodande, kan hende noko keisame realismen. Ja, svarer han seg sjølv. For stor litteratur kjem ikkje an på kva som er tema for teksten, men på korleis teksten er skriven.
Og dette synest eg er eit sanningsord av dei større.

Eg gir sjeldan terningkast til bøker, og særleg ikkje til bøker eg tek seriøst. Difor er det vanskeleg å skalere mi oppleving av denne boka på eit enkelt vis som kan gi meining for lesarane. Eg må ty til ord, og ikkje tal.

Boka var ikkje den beste eg har lese av Solstad. Ho var ok, ho var betre enn ok, ho glimta tidvis til og vart direkte god, men ho var ikkje den største. Samanlikna med mykje anna litteratur tilhøyrer ho sjølvsagt ein annan liga, som alt Solstad skriv.

Mange synest dette er den beste boka Solstad har skrive. Kanskje er ho det, objektivt sett. Eg er ikkje objektiv, så eg veit ikkje. Men subjektivt er ho ikkje det.

Noko som dels gledde meg og dels forarga meg, var når Solstad gjer greie for Fjords historiske prosjekt, hans førelesingar om den tidlege moderne tida, altså perioden omlag 1500-1800, med særleg vekt på 1700-talet. 1700-talet er nemleg min periode. Og det overraskar meg at kommunisten Fjord, eks-marxist-leninisten, ikkje driv historie nedanfrå på åttitalet. Det liker eg ikkje heilt. Det forstår eg ikkje. Det stemmer ikkje.

2 kommentarer:

Avil sa...

Alle eg kjenner har lese ein meter Solstad-bøker. Ei venninne betrudde meg lågmælt at ho ikkje likte den siste boka hans, men at ho berre kunne seie det til meg som er så lite kulturell.
Fnis.
Eg har motvilje mot å lese Solstad.
Eg har ikkje lese så mykje som eit avsnitt av han.

Og, hahaha, for å toppe meg som white trash-kransekake: Eg vil ikkje lese noko av han sidan han er så teit på tv.

Aina Basso sa...

Neidå, det er jo kvar sin smak.

Men eg trur ikkje du ville hata Solstad om du hadde prøvd. Han skriv veldig vittig og intelligent om heilt vanlege ting. Kjærleik, feilbarlege og til dels mislykka menneske, politisk engasjement (les: marxisme-leninisme) i eit ironisk lys, livet...

Men det kan jo vere du er ueinig med meg. Eg synest jo han er morosam på tv.