14. november 2007

Allalderbøker

Illustrasjon frå Garmanns sommer
er eit omgrep Jon Fosse brakte inn i litteraturen ein gong på nittitalet.

Allalderlitteratur er litteratur som vender seg både til barnet og den vaksne. Teksten, og eventuelt illustrasjonane i ei bok, har ei dobbel tyding eller ei dobbel stemme. Døme på allalderbøker er biletbøker, som t.d. Brageprisvinnar Garmanns sommer av Stian Hole. Desse bøkene har eit ytre handlingsplan berekna på barnet, og eit symbolsk plan berekna på den vaksne.

Det kan også vere ungdomsbøker eller fantasylitteratur, som inneheld ordspel, ironi eller parodiar mynta på den vaksne lesaren. Illustrasjonane kan også ha fleire lag, og slik vere spennande både for barna og dei vaksne, på ulike måtar. Gro Dahle og Svein Nyhus er andre forfattarar som har arbeidd innanfor denne sjangeren.

Eg meinar at også Harry Potter-bøkene, Ringenes Herre-bøkene og Phillip Pullmans trilogi Den mørke materien, er gode døme på allalderbøker. Også bøker av Roald Dahl kan kome innunder sjangeren, til dømes Matilda og Heksene.

6 kommentarer:

Spectatia sa...

Dette har jo også blitt vanlig innen barnefilm. Nesten alle nyere animerte barnefilmer har en masse voksenpoeng for at ikke foreldrene skal kjede seg når de ser den sammen med barna. ;-)

Spectatia sa...

Forresten, er det Nadine Gordimer som er ute og flyr?

Aina sa...

Jaudå, det er sant. Eg ser forøvrig også ein del barnefilmar, hovudsakleg animasjon.

Om det er Nadine Gordimer? *gruble*
1. Eg veit ikkje kven Nadine Gordimer er. *gruble meir*
2. Har Stian Hole lov til å bruke kjende menneske i illustrajonane sine?
3. Var det ein spøk eg ikkje tok?
Hehe.

Spectatia sa...

Ja, litt tull var det vel. (Unnskyld, burde ha satt blunke-tegn.)

Men gjør en bilde-googling på navnet Nadine Gordimer (nobelprisvinner fra Sydafrika) så får du se at hun ligner ganske mye. :-)

Aina sa...

Hehe.
Eg googla dama, det var jo noko kjent med namnet, og skjønte med det same eg såg litt meir info kven det var. Og du har rett: det liknar!

Men er det ikkje ein nydeleg illustrasjon, då? Stian Hole er berre såååååå flink! Imponert, eg!

Spectatia sa...

Jo, den var nydelig, så absolutt!