30. august 2007

Dagens bokfangst

Etter jobb i dag gjekk eg innom dei to boksala som foregår i Oslo no i desse dagar - Aschehougs bakgardssal og bakgardssalet til Oktober, Samlaget og Pax m.fl. Eg syns det var riktig bra utval, spesielt på sistnemnte, og endte med følgjande fangst - som eg er ytterst nøgd med:

Aschehoug:
Erling Sandmo: Mordernes forventninger. Kriminalitetshistoriske essay, kr. 30
Ketil Bjørnstad: Jæger, kr. 40
Paul Auster: Illusjonenes bok, kr. 10

Oktober, Samlaget og Pax m.fl.:
Anna Gavalda: Eg vil at nokon skal vente på meg, kr. 40
Dag Solstad: 16.07.1941, kr. 40
Jon Fosse: Det er Ales, kr. 40
Edmund Austigard: Krinsereglane, kr. 30
Karl Ove Knausgård: En tid for alt, kr. 30
Totalt: 260 kr!

Boka av Erling Sandmo er nok ikkje kjend for så mange, men eg brukte spesielt tittelessayet då eg skreiv masteravhandlinga mi i historie. Fin kjelde til mentalitetshistorie i eldre tid, skrive på ein lettlesen måte.
Ketil Bjørnstad har vore ein favoritt lenge, kanskje særleg då eg var noko yngre. Eg har lese fleire av bøkene hans om Kristiania-bohemen, og har lenge hatt lyst til å også lese denne om Hans Jæger. Så langt er Oda! min favoritt.
Paul Auster har eg fått tilrådd, så eg gir han ein sjans.
Når det gjeld Anna Gavalda har vi snakka om å lese ei bok av henne til neste VIP-møte, og eg har uansett høyrt mykje bra.
Edmund Austigard og Karl Ove Knausgård har vore på den mentale leselista ei stund, det same har 16.07.1941 ei stund.
Det er Ales hugsar eg at eg las ein entusiastisk omtale av då eg sat på flyet mange år tilbake, så det kjendes riktig å velje den av dei mange Fosse-bøkene på salet. Eg bestemte meg nemleg for å kun velje ein av kvar forfattar, for å ikkje ruinere meg fullstendig.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulerer med fin fangst! Tror du kan være mer enn fornøyd, ja! ;-)

Noen ganger ønsker jeg at jeg fortsatt bodde i Oslo...

Aina Basso sa...

Takk! Det er slikt som dette som er fordelen med Oslo!

Det var så kjekt å kome heim med den fine bunken. Dei fleste er innbundne, også. Nydelege. Eg har altfor mange gode, ulesne bøker i hylla no, men det er jo også kjekt å ha litt å velje i når ein plutseleg er ferdig med ei bok! Ta det på feelingen.

I går, då eg hadde lese ut Fosse, prøvde eg å byrje på endå ei bok av han, "Bly og vatn", men den fenga ikkje. Så las eg litt Douglas Adams, og så byrja eg på "Berlinerpoplene". Blei jo litt nysgjerrig etter bokbadet og har lyst til å sjå serien på NRK. Så langt er boka heilt ok, men har ikkje kome så langt.