30. august 2007

Morgon og kveld


Eg byrja dagen med å lese denne boka på bussen i dag tidleg, og avslutta med å lese henne ut no i kveld her heime.

Morgon og kveld av Jon Fosse byrja litt treigt i første del, men når andre del var i gong, var eg hekta. Ikkje har eg gråte slik av ei bok på det eg kan hugse. Dette er ei av dei finaste bøkene eg har lese. Ei av dei varaste. Den gamle mannen Johannes, på randen av livet, er så fint skildra, er så tydeleg. Han får meg til å tenke på bestefar min, som også var fiskar. Som røykte rullings og pipe, og som bøtte sine eigne garn i kjellaren, under det gule lyset i arbeidsrommet.

Bestefar min ville blitt 93 år i dag. Om søndagane låg han på sofaen og fortalte skrønehistorier. Han var ein fin mann. Det trur eg Johannes var også.

1 kommentar:

Anonym sa...

Enig! Det er en av de fineste av Jon Fosse. Veldig sart, vart og nydelig. Litt overnaturlig det hele. Trist og fint. Vakkert.