28. mars 2007

Menn i shorts, krympebriller og årets påskekrim

Kva er det med nordmenn og sol, og kva er det med norske menn og shorts?
I går viste kalenderen 27. mars. Ja, nettopp, MARS. Ein vintermånad. Ja, visst var det sol ute, men var det eigentlig så varmt i lufta? Eller i skuggen, for den saks skuld? Eller på asfalten?

Eg bestemte meg for å gå heim frå jobb i det fine vêret, og på veg opp Fredensborgveien, passerte eg ein mann på fortauet. Han var ikledd shorts og stod barbeint på asfalten saman med den svarte hunden sin, og snakka i telefon og røykte.
Eg, derimot, gjekk forbi godt påkledd og framleis med ullstrømper og ullsolar i skoa.

Deretter gjekk eg innom biblioteket og henta årets påskekrim.
Eg er, som mange veit, ein ihuga Agatha Christie-fan, og har lese stort sett alle bøkene hennar minst to gongar. Dette er jo synd, ettersom vanleg krim ikkje kan tilfredsstille lysta etter påskemord som kjem kvart år på denne tida. Men så har eg til alt hell oppdaga Dorothy L. Sayers, som er yndlingsforfatterinna til mi venninne K, og ei anna av gullalderkrimdronningane. Og i går henta eg altså årets påskekrim, nemleg En sky av vitner med den elegante privatdetektiven Lord Peter Wimsey i hovudrolla (ifølgje mi venninne K. den ultimate drøymemann - ingenting som Hercule Poirot, med andre ord).
Eg klarte ikkje å dy meg, og byrja å lese allereie i går kveld. Så langt lever den definitivt opp til forventningane, og meir til. Saman med denne boka og Den mørke materien er eg sikker på å få den perfekte påskeferien.

Og for å avrunde turen heim, fann eg ut at eg skulle gå innom ein butikk i Karl Johan for å kjøpe ei søt lita bursdagsgåve til mitt skjønne fadderbarn som fyller 3 år i helga, samt eit par solbriller, sidan det var ganske slitsamt å myse slik på heimveg.
Og det er brillene som er det morosame her.

Eg kjøpte eit par av desse store, moderne solbrillene, tok dei fornøgd på meg og gjekk nokre skritt bortover gata. Men plutseleg følte eg meg så lav. No veit dei som kjenner meg at eg er relativt lav i utgangspunktet, så når eg føler meg endå lavare, er det snakk om å vere ekstremt nær vegen ein går på. Så lurte eg på om eg kanskje var i ferd med å få eit eller anna slags anfall, så eg skunda meg å skyve brillene opp, gjekk nokre steg vidare, og verda var atter normal. Eg tok brillene på, og følte meg igjen veldig lav, kanskje ikkje meir enn ein meter over bakken. Kjensla var svært pussig. Andre folk verka også lave, og fortauet var underleg nært meg. Det blei i tillegg vanskeleg å døme avstanda opp og ned frå fortauskantane.

For første gong vart eg verkeleg medviten kor stor rolle synet faktisk spelar i oppfattinga av oss sjølve og verda omkring oss. Konfrontert med ei krympa verd, vart plutseleg kjensla av å vere meg endra; det kjentes som om stega gjekk djupt ned i asfalten, som om eg hadde fått kutta av ein halvmeter på midten og no gjekk omkring som dverg og nærast usynleg. Eg lurte ei stund på om eg faktisk hadde krympa, men ingen andre såg rart på meg, så eg valde å tilskrive kjensla ein optisk illusjon og knisa litt det siste stykket heim.

Ingen kommentarer: