23. mars 2007

Ein riktig kjendisfest og La Vie en Rose

Spurven - La Môme Piaf
I går var det duka for gallapremiere på den franske filmen om Edith Piaf, La Vie en Rose, på Klingenberg kino her i Oslo. Eg og mi venninne K. var av dei heldige som hadde fått billettar.

Så stod vi der i foajeen, då, med kvar vårt plastglas musserande i handa, og freista speide over alle hovuda mot blitzregnet der utanfor. Kven er det som kjem no, skal tru?

Tidlegast ute var Kiki Sørum, notorisk moteguru, og hennar raudhåra ven, Simon Andersen, kanskje mest kjent for rolla som den homofile Roy i Familiesagaen De syv søstre. Kiki var iført ein iaugnefallande lilla kreasjon i glatt stoff, som førte tankane tilbake til 1988. Deretter blitza det like bortanfor oss, og denne gongen var det tidlegare skjønnheitsdronning Ingeborg Sørensen som stod for tur.
Like etterpå trippa bittelille Nora Brockstedt forbi, fullstendig nydeleg og nett med sitt velfriserte blonde hår og mjuke pelskåpe, og så dukka plutseleg Inger-Lise Rypdal opp bak jentegjengen som stod i vegen for utsikta. Deretter kom Se og Hørs hoffreporter, Kjell Arne Totland, komikaren Espen Eckbo, og ei lita stund etterpå, min store favoritt Hege Schøyen (som forøvrig besøkte toalettet samtidig med meg rett før filmen starta) saman med mannen Arild Andersen.
Der var også nokre for oss heilt ukjende fjes, mellom anna to søte jenter vi stod inkjeanande ved sidan av, fram til ein fotograf plutseleg byrja ta nedanfrå-og-opp-bilete av dei.
Men så kom det endå ein kjendis: vår eigen Yoda-look alike; Pål Bang-Hansen! Han trippa innover den raude løparen, søt og liten og avsliten, med det kvite håret som ei skeiv sky om hovudet. I tillegg fekk eg sett Blomster-Finn, som var lavare enn venta, og Hilde Hummelvoll (som medførte eit henrykt kvin frå mi venninne si side), men vi gjekk glipp av Tor Endresen (mi venninne K. sin barndomshelt) og Hanne Krogh (mi barndomsheltinne), samt Mariann Aas Hansen (men det gjorde ikkje så mykje).

Og så var det tid for film. I annonsen stod det at hovudrolleinnehavar Marion Cotillard skulle kome og kaste glans over forestillinga, men ho hadde ikkje dukka opp likevel, difor fekk konferansieren Inger-Lise Rypdal (som visstnok har tolka Edith Piaf på den norske scena) til å reise seg og motta applaus. Dette var etter at den raudhåra Simon Andersen hadde fått auge på henne tre rader lenger fram og kasta tre raske slengkyss til henne i alles påsyn.

Og filmen var fantasastisk. Gripande, rørande og nydeleg spelt. Det var nesten så eg gløymte at der var masse kjendisar til venstre for meg i salen.

2 kommentarer:

MNO sa...

Malapropos: Aina i Heimen er lik veldig bra! Gratulerer!

Aina sa...

Tusen, tusen takk! Det var jo stas, så klart :)