31. januar 2007

ein sjanger i sjangeren

Som nokre av mine trufaste lesarar kanskje veit, er eg ein stor fan av Agatha Christie og hennar krimromanar.

Så stor fan er eg, at eg har kjøpt alt som er å få av bøkene hennar oversett til norsk. Eg har tråla vanlege bokhandlar og antikvariat sidan eg var 12 år gammal, eg har endåtil lagt min elsk på filmatiseringane med høvesvis David Suchet i rolla som Hercule Poirot og Joan Hickson i rolla som Miss Marple. Så langt har det gått at eg i fjor på denne tida importerte ei samleboks med alle Miss Marple-filmane (med Joan Hickson i hovudrolla) frå England, fortolla den (til saman til den nette sum av kr. 1200,-) og har sett kvar av filmane eit par gongar sidan den tid. Eg har også ei samling Poirotfilmar, både på dvd og VHS.

I den siste tida har eg klart å få ein ny kjenning til å lese Agatha Christie. Han spurte kva eg kunne anbefale, og eg anbefalte Ti små negerbarn (eller And then there were none som den heiter på originalspråket og som er ein meir politisk korrekt tittel i desse litteratursensurerande tider). Vi var begge spente på om han klarte å tippe kven mordaren var, og det klarte han sjølvsagt ikkje (ingen klarer å tippe kven som er mordaren i Ti små negerbarn, det er difor det er den beste boka). Han gjekk i fella krimdronninga la ut, som tusenvis før han også har gjort.

Etterpå spurte eg om han var blitt frelst, no då? Diverre var svaret nei. Han såg på boka som "eit artig historisk dokument innan sin sjanger". Og det er kanskje sant.

Personleg ser eg på Agatha Christie sine bøker som ein eigen sjanger innanfor krimsjangeren. Helten er ein anti-helt, litt latterleg, kanskje, men med ein usvikeleg intuisjon og kunnskap om menneskesinnet, som berre ytterst sjeldan får han eller henne til å ta feil. Handlinga er lagt til overklasse-England og er ei dør inn til ei verd så annleis frå vår eiga at det er ei fryd kvar gong eg opnar den.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Som du vet er det Sayers og ikke Christie som er min krimforfatterinne, men jeg vil si at de er nogenlunde innen samme sjanger. Derfor vil jeg ikke si at Agatha Christie er helt sin egen sjanger. Margery Allingham er også i denne sjangeren med sin "helt" Campion. "Krim uten løping" kaller moren min det når det gjelder denne sjangeren på fredags detektimen. Da f.eks. Inspetør Morse. Hun mener også at P.D. James' Inspektør Dalgliesh kommer i den kategorien.

På engelsk er krimlitteraturen inndelt i Spy, Crime, Suspense, Mystery og sikkert noen fler, men jeg er ikke helt sikker på om de har noe eget for denne sjangeren.

Kom på en forfatter til som jeg ikke har lest, men som jeg tror er i sjangeren; G.K. Chesterton

Aina Basso sa...

Kan vere du har rett i det. Sayers er iallfall i nokonlunde same sjanger, det same gjeld John Dickson Carr - iallfall på eit vis. Likevel meinar eg det er noko heilt spesielt med Agatha Christie. Men eg innrømmer at eg er noko inhabil.

Anonym sa...

Med mitt forhold til Lord Peter, erjeg nok noe inhabil jeg også...

Aina Basso sa...

Hehe. Det er forsåvidt sant :)