6. februar 2007

Mi tredje nær-døden-oppleving

I dag døydde eg nesten på jobben.
Ja, eg gjorde jo ikkje det, eg er her openbart enno (det er ikkje skrømtet etter Aina som sit og skriv triste soger om sin eigen bortgang), men nære på kunne det ha vore. Om det hadde gått riktig ille.

I samband med mitt daglege verke har eg i dag pakka ned gammalt papir som deretter vart overflytta til min arbeidsstad. Midt i det særdeles ueigna lagerlokalet stod ei ustø metallhylle som skulle vore bolta til golvet (men ikkje var det), full av pappesker fulle av papir. Tunge, altså.

Heilt mot slutten av arbeidsøkta stod eg og min kollega T.H. bøygd over den siste eska som skulle merkast, og min kollega hadde i dette høvet ein sprittusj i handa som han brukte til å skrive blå bokstavar på førnemnte eske. Tilfeldigvis stod denne siste eska rett under den usikra, ustø, lett svaiande hylla. Resten kan vel mine oppvakte lesarar sjølv tenke seg. I det eg i augekroken observerar ei skifting i posituren til hylla, i vinkelen mellom den og mitt hovud, idet vinkelen mellom hylla og mitt hovud blir stadig mindre, hyler eg, noko som vekker min kollega T.H., framleis bøygd over den siste eska, og fører til at vi spurtar alt vi har framover, så langt vekk som muleg (dette mitt primalskrik blir seinare av min kollega definert som eit skrik som frå ein "stukken gris") og vi kjem oss altså i løpet av eit brøkdels sekund i sikkerheit, før hylla brasar i golvet og støvskya virvlar opp og gjer det upusteleg der inne. Merkeleg nok vakte denne alvorlege nesten-ulykka omtrent inga oppsikt rundt lunsjbordet ein time seinare, tvert imot vart det flirt av det, sjølv om ein anna kollega observerte, fullstendig på sin plass, at eg i dag har redda livet til T.H. (samt mitt eige).

Men merksame som mine lesarar er, ser dei nok av den lokkande overskrifta at dette dagens hell-i-uhell ikkje er den første gongen eg har stira døden i kvitauget. Faktisk har eg opplevd å ha englevakt (som nokre kallar det, flaks som andre seier) heile to gongar tidlegare. Begge gongane involverte ein bil. Den første gongen sprang eg over vegen på raud mann, for å tøffe meg, og blei nesten påkøyrt av ein raud sportsbil. Den andre gongen sykla eg stillferdig og fredeleg langs Camilla Collets vei og blei påkøyrt på fortauet av ein blank, svart, stor, dyr bil som kom fort ned ein bakke bak ein høg murvegg. Eg landa på panseret, og kom unna det med skrekken, nokre alvorlege blåmerker, ein øydelagt sykkel og ei kjensle av avmakt overfor den harde trafikken eg godt kunne vore forutan.

Forresten var det ein annan som fortalte om sitt påkjørseluhell den same hausten som mitt i Camilla Colletts vei. Han er ein meir habil syklist enn underteikna (eg er ei kjempepyse), og syklar ute i trafikken. Denne spesielle dagen stansa han for ei kvinne som anten var gravid eller hadde barnevogn i eit overgangsfelt, berre for å oppleve at bilen bak køyrte på han bakfrå slik at han fekk sykkelstyret langt oppi skrittet. I eit anfall av rettferdig raseri tok då den påkøyrte og løfta opp sykkelen sin og drylte den så hardt han kunne ned i panseret på bilen.
Eg skulle ønske eg hadde vore like snartenkt då eg sjølv låg på panseret og sprella.
Kanskje neste gong.

Ingen kommentarer: