15. februar 2007

Parfymen. Historien om en morder

Grenoiulle lagar parfyme av lukta frå døde kvinner












I går var eg på kino og såg filmatiseringa av boka Parfymen av Patrick Süskind, ein av mange nærast genierklært syttenhundretalsroman, som kort fortalt handlar om den unge mannen Jean-Baptiste Grenouille som er fødd med eit unikt talent, nemleg ein høgst velutvikla luktesans som gjer han i stand til å på lang avstand skjelne sjølv uluktelege lukter frå kvarandre (ein våt stein under vassflata i ein dam). Dette talentet er diverre kombinert med mildt sagt svekka sjelsevner på andre frontar, han manglar mellom anna ei kvar form for medmenneskelegheit og manglar evna til å elske.

Filmen er regissert av Tom Tywker, er spekka med nydelege landskapsbilete, er estetisk svært vakker, utan unødig brutale eller groteske scener, har gode skodespelarar (m.a. Dustin Hoffman og Alan Rickman) og skildrar på ein balansert måte både mordaren sjølv og hans mange velluktande offer. Filmen har fått vekslande kritikkar, noko eg godt kan forstå. For meg var det ein terningkast 5, men eg innrømmer at eg ikkje kan vere objektiv då eg har lese boka, likt den og likt historia. Det hjelp også på forståinga av filmen, då eg veit Grenouilles motiv for å samle lukter til si eiga, spesielle og perfekte parfyme, noko eg vedkjenner ikkje kjem tilstrekkeleg godt nok fram i filmen.

Ingen kommentarer: