19. februar 2007

Ane Brun


Laurdag var eg og mi gode venninne og nabo M. på konsert med Ane Brun på Rockefeller.
Ho hadde med seg DMF String Quintet og eg vil anbefale alle som likar musikken hennar å dra og sjå henne live - veldig bra.

Eg stod så langt framme at eg kunne sjå eitt einskild lysblondt hårstrå som hang frå den glitrande kjolekanten og nedover dei svartkledde leggane. Dei svarte, glitrande skoa, nokre lyse fjon som stod litt ut frå den oppsette sveisen.

Konserthøgdepunkt:

"Temporary Dive"
"Laid in Earth" (eg elskar også den originale arien av Purcell)
... eigentleg var det for mange låthøgdepunkt til å nemne alle her - ho har veldig mange gode låtar!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Er det ikke sånn at man ikke skal stirre på en hund da? For da blir den hissig og kan angripe?

Aina Basso sa...

Hm. Denne hunden var iallfall ikkje sint på nokon. Berre såg på alle menneska med dei snille, brune auga sine. Trur ikkje det gjorde han noko.