20. februar 2007

Å stire på ein hund

Det er stygt å stire.
Aller styggast er det å stire på nokon fordi ein inst inne føler ei slags morbid glede ved at dei er annleis, er stygge, er deformerte.
Kombinerar du stiringa di med ein klukkande latter bak ei hand, to plirande auge opp på det forsvarslause offeret, er du lite anna enn vondskapen sjølv.
Det er heller ikkje godtatt å stire på andre fordi dei ser annleis ut enn deg eller enn folk flest, sjølv om du ikkje meinar noko vondt med det, eller fordi du syns synd på dei.
Ein eldre mann som står og skjelv i regnet,
ei usedvanleg vakker, ung jente på bussen,
ein eskimo på Karl Johan.

Men det er nokon det er lov til å stire på.
Du kan stire på dyr og barn opptil to-tre-årsalderen.

I dag på bussen var det ein vakker, svart hund. Eit asiatisk par bøygde seg langt framover stolryggen for å sjå på han.
Sjølv tok eg meg i å stire.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg har lært at man ikke skal stirre på hunder. De kan bli "pissed off" og angripe...

Aina Basso sa...

Men det er viss ein stirar inn i auga deira, sant? Ikkje viss ein stirar på dei medan dei ser ein heilt annan veg? Eller studerar pelsen deira? Eller brukar ordet "stire" som eit litterært verkemiddel? :)