21. februar 2007

Kva no?

Eg finn meg sjølv på slutten av ei bok.
Eg står rett før siste kapittel, det endelege oppgjeret, og svaiar lett.
Snart kjem svaret, tenker eg.
Det kriblar i magen.

Eg har enno den evige Kafka på nattbordet og er komen midtvegs i Solstads fotnotar, men treng like fullt ei bok til å ha i veska. Kva skal eg velje?

Som mi venninne K. tidlegare har sagt, er det viktig å velje ei bok som passar til veska du brukar. Eg har ei passe stor, svart veske, der det høver bra med ei pocketbok på maks 400 sider i normal storleik.

Problemet er at dei bøkene eg har planar om å ta fatt på som neste prosjekt er tjukke, digre bøker på 800 sider som er innbundne. Openbart kan desse dårleg kombinerast med veska mi.

Altså eit dilemma.
Men eg skal nok finne ut av det.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det er vel sant. Man bør heller ikke bruke litterære virkemiddel mot en hund. Den kan da føle seg en smule trampa på, og bli ganske sur.

Aina Basso sa...

Haha. Godt poeng. Eg skal ha det in mente, som dei seier på fint :)