22. februar 2007

Om å sette grenser

Eg har tidlegare snakka hardt om grenser.

At eg ikkje likar dei, at grenser er slikt som stenger oss sjølve inne og dei andre ute.
At grenser er slikt vi omgir oss med som forpurrar den eigentlege intensjonen med livet.
Men det kjem sjølvsagt an på kva slags grenser vi snakkar om.

Eg omgir meg nemleg i like stor grad som kvarmannsen med grenser.
Eg ser at grenser i nokre tilfelle kan vere viktige. Grenser for eigen oppførsel, grenser for pengebruk, og det må då vere grenser for kva andre får lov til å tillate seg overfor meg.

Kun ein stad eig eg verkeleg ikkje grenser.
Og det er når bøker er involvert.

Jamfør førre innlegg, har eg no ikkje berre funne ei ny bok å lese, åneidådu, eg har heile 6 bøker eg har byrja å lese. Jepp jepp.
Ei av dei er eg nesten ferdig med, to har eg kome halvvegs i, og tre har eg såvidt byrja på.

Og kva skjer når eg nesten har klart å stable økonomien min høveleg på beina i denne runden?
Jau, følgjande:
Eg bestiller Spiraler av Solstad, må jo ha Spiraler!
Eg bestiller Sult av Hamsun, det er jo ei skam at eg ikkje har lese den før.
Mammutkatalogen kjem, og kva gjer eg? Jau, eg bestiller for 531 kr derifrå også.

Gud hjelpe meg.
Nokon som har ei bokhylle til overs?

3 kommentarer:

Aina sa...

Og kva gjer eg dagen etter at eg har skrive dette innlegget? Jau, eg bestiller "Ivan Iljitsj´ død", også frå bokklubben.no.

Aina sa...

Oppdatering på lesefronten:
Laurdag byrja eg å lese Jane Austens "Emma" igjen.

Det var vel uunngåeleg etter å ha sett begge 1996-filmatiseringane og diskutert dei med mi venninne K. opp mot kvarandre, men likevel. Det er litt for mange bøker på ein gong.

Aina sa...

Bokklubben har sendt meg den neste Thursday Next-boka på leselista mi, "Lost in a good book" av Jasper Fforde. Eg gler meg!!!