11. desember 2006

Mi spontane leselyst

Eg kom til å tenke på at eg kanskje ikkje har forklart heilt korleis leselysta mi fungerar. Eg er nemleg ikkje ein fornuftig lesar, som les bøker eg burde lese eller som er veldig bra eller intellektuelle eller dei store klassikarane. Det vil seie, eg les ein klassikar i ny og ne, men det er mest fordi eg føler det er ein del av utviklinga mi som lesar; viss eg skal utvikle meg, må eg også lese slikt som er vanskelegare tilgjengeleg.

Mesterdetektiven Hercule Poirot
Men sjølve leselysta mi er spontan og kan best liknast med lysta på sjokolade.
Eg kan sitte på jobb, på bussen, i sofaen, gå tur, vere på kafé eller ligge i senga, og så, PLUTSELEG!, får eg intens og ubendig lyst til å lese ei bok av Agatha Christie der til dømes Poirot figurerar.

Eg har då to val: Anten kan eg følgje den intense lysta mi, kaste frå meg dei andre bøkene eg kanskje har vald på grunnlag av lystkjensle nokre veker tidlegare, eller kanskje fordi det er ein utviklande klassikar, eller eg kan fortsette som om ingenting har hendt, og sjå om lysta går over på eiga hand. Det gjer den nemleg avogtil. Då får eg som regel lyst til å lese noko heilt anna. Like plutseleg.

Ingen kommentarer: