11. desember 2006

Litterær oppdatering

Et skilt ved korsveien er endeleg tilbake på plassen sin i bokhylla, og nye utfordringar ventar. Eg har no kun éi bok på nattbordet, den evige Kafka, i tillegg til Arild Asnes, 1970 som ligg i veska og som eg kosar meg med på bussen om morgonen. Ettersom eg allereie har bestemt meg for å lese Emily fra Månegården heime i jula, må eg ha noko kjapt å lese dei to siste vekene før jul og har også byrja å tenke litt framover.

I julegåvehandelen har det drope litt på klokkaren også, med det resultat at eg no har erverva meg heile fire nye bøker som kan stå og håne meg, som uleste freistarar i dei overfylte bokhyllene. Av ulesen lektyre har eg no, i tillegg til ei hugseliste på biblioteket som er lang som eit vondt år, eit assortert utval krimromanar, historiske romanar, sannsynlegvis nokre gode romanar og heilt sikkert nokre relativt middelmådige eller endåtil dårlege romanar.

Leselista for 2007 i foreløpig utkast er som følgjer:

Førjulslektyre
Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman av Dag Solstad
- Vindens skygge av Carlos Ruiz Zafón
- Løvekvinnen av Erik Fosnes Hansen
- The Eyre Affair av Jasper Fforde
- Baudolino av Umberto Eco
- Til jeg finner deg av John Irving
- Kafka på stranden av Haruki Murakami
- Den norske mannen. Jakten på Jan Johansen av Christine Koht
(eg ELSKAR Christine Koht!)

Etter å ha sett den andre Ringenes Herre-filmen i går, har valet falt på ei gjenlesing av J.R.R. Tolkiens Hobbiten som førjulslektyre og rett over nyttår ser eg føre meg ei gjenlesing av Agnar Mykles Lasso rundt fru Luna.

Ingen kommentarer: