12. desember 2006

Mitt liv med Deichman

Som ivrig lesar har eg sjølvsagt eit lidenskapleg forhold til mitt bibliotek og då spesielt mitt bibliotek sine internettsider. Eg er jevnleg innom for å sjekke korleis det ligg an med reserveringslista mi; for å føye ein ny tittel til hugselista eller sjekke når lånetida går ut på titlane eg har tatt med på heimlån; eller forlenge låna.

Eg var nettopp inne på sida mi og vil i den samanhangen glede mine trufaste lesarar med eit unikt innblikk i Mappa mi på Deichman. Merk her særleg kva for eit lånenummer eg står som på titlar som urpopulære Uri eller den kvinnelege ekvivalenten til Dan Brown, Kate Mosse. Og deretter kan du jo ta eit minutt til å lure på kvifor eg vel å låne desse bøkene i staden for å kjøpe dei, spesielt med tanke på at eg er rekna blant Våre beste kunder hos Bokklubben på nett... Finst der likskapstrekk mellom bibliotekstitlane skal tru?

Forfatter Tittel Materiale Dato for reservering Plass i reserveringskø
Brown, Dan Den digitale festning CD Lydbok 15/08/2006 Nr. 8, bibl. har 4
Niemi, Mikael Mannen som døde som en laks Bok 09/11/2006 Nr. 7, bibl. har 18
Holt, Anne Presidentens valg CD Lydbok 14/11/2006 Nr. 28, bibl. har 14
Uri, Helene De beste blant oss : roman Bok 01/11/2006 Nr. 258, bibl. har 37
Mosse, Kate Labyrinten Bok 01/11/2006 Nr. 12, bibl. har 21

2 kommentarer:

Kristine sa...

Du kan få låne "De beste blandt oss" av Helene Uri av meg. Jeg kommer ikke til å savne den...

Aina sa...

Hehe. Takk for det :) Eg skal seie ifrå viss eg får eit uuthaldeleg behov for å lese den før eg får den frå biblioteket... Men det er vel ikkje utenkeleg at eg heller vil låne eit knippe andre bøker av deg når den tid kjem!