21. oktober 2008

Slagplan

det originale omslaget var til
forveksling likt omslaget på Veke 53
Denne veka er altså veke 43, ikkje Veke 53, som nokon insisterer på, og eg har starta på eit fiffig lite leseprosjekt.

Eg hugsar då Uke 43 kom. Eg hadde aldri høyrt om Hanne Ørstavik før, og eg hugsar eg syntest ho hadde eit rart etternamn. Ørsta for meg er jo ikkje eit namn, men ein liten tettstad på Sunnmøre, som ikkje må forvekslast med Volda, sjølv om han berre ligg eit lite steinkast ifrå. Ivar Aasen-tunet ligg forresten ii Hovdebygda, mellom Ørsta og Volda, for dei som måtte finne den informasjonen interessant. Og bestemor mi er derifrå. Volda altså, ikkje Ivar Aasen-tunet (faktisk er ho frå Hjartåbygda, som er innanfor Volda igjen).

Og eg hugsar ho fekk mykje merksemd for denne boka. Sjølv må eg vel ha vore 23 år og midt i cand.mag-en min i historie og arkeologi då boka kom ut. Altså ti år yngre enn hovudpersonen Solveig, som er nytilsett litteraturvitar ved ein distriktshøgskule.

Eg har lese éi bok av Ørstavik før, Tiden det tar, som eg verken likte eller ikkje likte. Men som hadde bilete som har sett seg fast i meg. Eg merkar meg at Ørstavik anten er anerkjend eller utskjelt, eg merkar meg at ho skriv bøker med komplisert innhald, som likevel lesast av eit relativt breitt lag av folket.

Kva synest eg sjølv om Hanne Ørstavik? Det er dette eg er i ferd med å finne ut.
Eg legg meg opp ein slagplan for denne veka. Uke 43 har 228 sider. 228 sider delt på 7 dagar blir 32,57 sider per dag. Eg ligg så langt godt an. Eg las 33 sider i går.

Og viss eg ikkje blir ferdig, kan eg jo halde bokcup slik Esquil gjer inne hos seg. Takk for tipset, Avil!

Fortsetjing følgjer.

Ingen kommentarer: