20. oktober 2008

Effektiv reklame

Eg ser ein reklame på tv:
Ein peis med roleg flamme, ein skinnfell og ein nydeleg, mjukpelsa hund som ligg fullstendig avslappa på fellen.
Eg tenker.

1. Å, for ein nydeleg hund!
2. Skulle ønske eg hadde ein slik!
3. Skal tru korleis dei har fått hunden til å ligge slik, med øyret dandert på den måten?
4. Det må vere ein godt trena hund.
5. Å, for ein nydeleg hund!
6. Skulle ønske eg hadde ein slik!

Reklamen er over. Kva det var reklame for, spør du? Eg er ikkje heilt sikker, men det var iallfall ikkje hundar.

Ingen kommentarer: