21. oktober 2008

det handlar om storleiken

på veg til jobb i dag gjekk eg og tenkte på den ørvesle diktsamlinga til debutanten janne marie fatland, som eg såg både i hendene hennar på mono då ho las der, og i lyrikkhyllene til norli førre fredag, som eg for øvrig klaga på at hadde dårleg utval, noko dei meinte var urettferdig, sidan dei ikkje veit om nokon annan butikk, kanskje med unntak av litteraturhuset, som har betre lyrikkhyller, dei har til dømes ikkje tidlegare utgjevingar av nokon av dei eg ser på som interessante lyrikarar, og dette var fjerde gongen på ein månad eg gjekk derifrå med uforretta ærend.

men eg la altså merke til denne ørvesle boka. tynn, lita skrift, kvadratisk, lommestorleik. slik ei lomme-bok burde vere. og eg tenkte at eg ikkje ville ha hatt ei så lita bok på eit så stort forlag.

dette gjekk eg altså og tenkte på. eg påstår det var i dag, men det kan like gjerne ha vore i går, dagane går i surr, det er alderen som gjer det, og så viser det seg at flamme (de finn lenka til høgre) har tenkt på nett det same.

av dette trekker eg ein av følgjande konklusjonar (valfritt):
1. det var ein innlysande tanke for alle som tenker på slikt som bøker og format
2. det er noko kosmisk
3. det er tilfeldig

2 kommentarer:

.... sa...

Den lille boka til Janne Marie Fatland var sterk å lese, ei bok som gjorde djupt inntrykk på meg, og som eg kan anbefale å lese. Mykje kraft i lita innpakning!

Aina Basso sa...

Takk for det, jr.
Eg har høyrt henne lese nokre utdrag, så eg har eit visst inntrykk utover det reint overflatiske, òg.