Viser innlegg med etiketten Nordisk Råds litteraturpris. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nordisk Råds litteraturpris. Vis alle innlegg

2. november 2015

Velfortent til Fosse

Førre veke blei Nordisk Råds prisar delte ut og i år som i fjor gjekk Noreg av med sigeren i ein av litteraturkategoriane.

I fjor var det som kjent Håkon Øvreås og Øyvind Torseter (ill.) som fekk prisen for beste barne- og ungdomsbok for den herlege barneromanen Brune, og i år var det, som dei fleste sikkert har fått med seg, Noregs «fremste dramatikar sidan Ibsen» og ein av våre finaste og mest særprega forfattarar, Jon Fosse, som fekk vaksenbokprisen for Trilogien - Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd - tre små romanar som kom ut i perioden 2007-2014 og som no er gitt ut samla i ei bok.

Meir velfortent pristildeling skal ein leite lenge etter, i mi meining. Jon Fosse har også vore nominert til prisen tidlegare for den fantastiske, vesle romanen Morgon og kveld (2000). Etter eg hadde lese boka i 2007, skreiv eg mellom anna dette her på bloggen:

«Ikkje har eg gråte slik av ei bok på det eg kan hugse. Dette er ei av dei finaste bøkene eg har lese. Ei av dei varaste. Den gamle mannen Johannes, på randen av livet, er så fint skildra, er så tydeleg. Han får meg til å tenke på bestefar min, som også var fiskar. Som røykte rullings og pipe, og som bøtte sine eigne garn i kjellaren, under det gule lyset i arbeidsrommet.»

Også Trilogien er vel verd å lese. Og mange, mange andre av dei talrike utgjevingane hans, om det er romanar, barnebøker, lyrikk, librettoar, dramatikk eller essay. Om du ikkje har gjort deg kjend med Jon Fosse enno, er dette eit godt høve. Du kan godt byrje med Trilogien, eller med Morgon og kveld. Eller du kan gå og sjå eit av dei korte, sterke stykka hans om eit blir sett opp på eit teater nær der du bur.