Førre veke blei Nordisk Råds prisar delte ut og i år som i fjor gjekk Noreg av med sigeren i ein av litteraturkategoriane.
I fjor var det som kjent Håkon Øvreås og Øyvind Torseter (ill.) som fekk prisen for beste barne- og ungdomsbok for den herlege barneromanen Brune, og i år var det, som dei fleste sikkert har fått med seg, Noregs «fremste dramatikar sidan Ibsen» og ein av våre finaste og mest særprega forfattarar, Jon Fosse, som fekk vaksenbokprisen for Trilogien - Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd - tre små romanar som kom ut i perioden 2007-2014 og som no er gitt ut samla i ei bok.
Meir velfortent pristildeling skal ein leite lenge etter, i mi meining. Jon Fosse har også vore nominert til prisen tidlegare for den fantastiske, vesle romanen Morgon og kveld (2000). Etter eg hadde lese boka i 2007, skreiv eg mellom anna dette her på bloggen:
«Ikkje har eg gråte slik av ei bok på det eg kan hugse. Dette er ei av
dei finaste bøkene eg har lese. Ei av dei varaste. Den gamle mannen
Johannes, på randen av livet, er så fint skildra, er så tydeleg. Han får
meg til å tenke på bestefar min, som også var fiskar. Som røykte
rullings og pipe, og som bøtte sine eigne garn i kjellaren, under det
gule lyset i arbeidsrommet.»
Også Trilogien er vel verd å lese. Og mange, mange andre av dei talrike utgjevingane hans, om det er romanar, barnebøker, lyrikk, librettoar, dramatikk eller essay. Om du ikkje har gjort deg kjend med Jon Fosse enno, er dette eit godt høve. Du kan godt byrje med Trilogien, eller med Morgon og kveld. Eller du kan gå og sjå eit av dei korte, sterke stykka hans om eit blir sett opp på eit teater nær der du bur.
Viser innlegg med etiketten Øyvind Torseter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Øyvind Torseter. Vis alle innlegg
2. november 2015
27. oktober 2014
Nordisk, igjen
![]() |
Illustrasjon frå Krigen, Kaia Dahle Nyhus |
Sist hadde eg berre lese Brune, men sidan den tid har eg også fått lese den andre nominerte boka, Krigen, og ikkje klart å gløyme henne, særleg på grunn av dei utruleg sterke illustrasjonane til Kaia Dahle Nyhus, som liksom riv meg sundt frå innsida. Danske Information skriv om dei nominerte bøkene i ein artikkel du kan lese HER. Og eg er spent på kven som vinn denne gongen og håper sjølvsagt det blir «oss».
Oppdatering: Og som vi no alle veit, etter at vinnaren blei oppropt, så blei det nettopp «vi» som vann i år, nærare bestemt Håkon Øvreås og Øyvind Torseter med den fine boka Brune. Gratulerer til vinnarane!
27. mars 2014
Dei nominerte er

Nominasjonane til den andre Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris i historia er offentleggjorde, og frå Noreg er barneboka Brune av Håkon Øvreås og Øyvind Torseter (ill.) nominert saman med biletboka Krigen av Gro Dahle og Kaia Linnea Dahle Nyhus (ill.).
Eg har ikkje lese Krigen enno, det ser eg fram til å gjere, men eg har lese Brune, som alt har stukke av med både Kulturdepartementets litteraturpris, NBUs debutantpris «Trollkrittet», i tillegg til å ha vore nominert til Brageprisen. Mange store ærer på ein gong for Håkon Øvreås, som er barnebokdebutant (men har skrive for vaksne før)!

Eg las Brune og blei glad igjen, og så sov eg så godt den natta. Eg blei Glaina.
«Om dagen er Rune Rune, men om natten kler han seg i brunt og blir superhelten Brune. De store guttene har revet hytta han har bygd sammen med kameraten Atle. Rune klarer ikke å hamle opp med guttene, men Brune vet råd, og utstyrt med brunmaling og pensel tar han hevn.»
Tvi, tvi! Eg håper det blir Noreg som stikk av med prisen i år, og er sikker på at begge bøkene er verdige vinnarar.
17. desember 2009
Trist og fin, mest fin
I dag fekk eg endeleg lese Eg kan ikkje sove no, den fine biletboka skriven av Stein Erik Lunde og illustrert av Øyvind Torseter som fekk Kultur- og kyrkjedepartementets pris for beste biletbok i fjor. Les den, du òg. Spennande , fine illustrasjonar og ein var liten tekst som passar godt både å lese høgt og å lese sjølv.
Samlaget sin omtale:
Guten i denne vinternattforteljinga får ikkje sove; då er det godt pappa er der og kan svare på alle spørsmål. For søv dei raude fuglane? Et reven maten deira? Og viktigast av alt: Søv mamma?
I denne stjerneklåre og stillfarande biletbokforteljinga møter vi ein trygg far og ein uroleg gut som tar vare på kvarandre i den store vinternatta.
Samlaget sin omtale:
Guten i denne vinternattforteljinga får ikkje sove; då er det godt pappa er der og kan svare på alle spørsmål. For søv dei raude fuglane? Et reven maten deira? Og viktigast av alt: Søv mamma?
I denne stjerneklåre og stillfarande biletbokforteljinga møter vi ein trygg far og ein uroleg gut som tar vare på kvarandre i den store vinternatta.
Abonner på:
Innlegg (Atom)