Viser innlegg med etiketten Don DeLillo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Don DeLillo. Vis alle innlegg

19. januar 2009

Noko med det amerikanske

Eg har ikkje lese så veldig mykje amerikansk kvalitetslitteratur.
Eg har lese nokre noveller av Richard Ford, fordi ein eg stolte på ein gong tilrådde dei så heilhjarta. Og det var heilt ok. Men det var veldig amerikansk. Det var det eg tenkte medan eg las. Det er heilt ok, tenkte eg, det er til og med ganske bra, noko av det, men det er veldig amerikansk. Kva meinte eg med det?

Og no har eg altså har prøvd å lese Americana av Don DeLillo det siste halvåret, utan å få det heilt til, og eg har prøvd å lese Paul Auster, og får ikkje det til heller, og eg tenker: det er for amerikansk. Kva meiner eg med det?

Eg har vore i Amerika, eg. I Portland, Oregon. Eg likte å vere der. Eg kjenner amerikanarar som er heilt fantastiske menneske. Og eg har sett utallige amerikanske filmar. Nokre har eg likt veldig godt. Eg elskar Twin Peaks. Og eg har høyrt på enormt mykje amerikansk musikk. Eg synest amerikana er knalltøft, og eg liker god country. Så korfor ikkje litteraturen? Kva er det eg ikkje får til?
Kva er det amerikanske og korfor funkar det ikkje for meg?

10. oktober 2008

Americana, igjen

Burt Lancaster
I går fortsette eg å lese i Americana, og forstod umiddelbert korfor eg ikkje har sett boka tilbake i hylla. Det er jo bra! Det er jo det det er.

Eg kom inn midt i eit femtitals cocktailparty i øvre middelklasse, og såg med det same at DeLillo ikkje berre er pratsam. Han er også konsis, sparsam, og overraskande. Etter ei skildring av ein situasjon kan han kome med ei setning som liksom bryt med det eg ventar meg, som tilfører noko nytt om hovudpersonen, ei setning som utvidar biletet. Han forklarer ikkje den setninga. Han går til avsnitt.

Angåande illustrasjonen, så er Burt Lancaster hovudpersonen sin helt. David Bell er ein vakker, ung mann, med eit usedvanleg bra drag på damene, noko han er veldig klar over. Dette gjer han imidlartid ikkje usympatisk. Eg tenker meg at han ser litt ut som Burt L. At det er slik DeLillo har sett han føre seg.

14. september 2008

Tilbake til Don DeLillo

Som dei merksame lesarane kan ha fått med seg, har eg svært lenge halde meir eller mindre på med å lese Don DeLillos Americana. Eg har hatt henne på nattbordet så lenge at faktisk trur det nesten er rekord. Andre bøker eg har drive på med så lenge, utan å gi opp på, kan eg telje på ei hand.

For ofte gir ein opp slike bøker det tek sånn tid å lese. Ein orkar ikkje meir, boka fengar berre ikkje, og ein set henne tilbake i hylla. Korfor er det ikkje slik med Americana? Vel, kanskje fordi det ikkje er ei dårleg bok. Eg har lese ut første delen, men litt uti andre stansa det plutseleg opp.

Eg snakka om dette med ei god venninne nyleg, og det viste seg at det var akkurat sameleis for henne. Men heller ikkje ho vil gi boka opp. Heller ikkje ho synest det er ei dårleg bok. Men også for henne stoppa det opp i andre delen.

Saka er at eg byrjar få litt dårleg samvit. Her ligg boka med det vakre omslaget på nattbordet og støvar ned, medan andre bøker får forrang - eg har sikkert lese 5-10 bøker i mellomtida, og medan eg skriv dette kan eg røpe at det ligg heile tre opne bøker på stovebordet, alle har eg lese i i dag.

Eg lover herved at eg skal skjerpe meg, og at eg veldig veldig snart skal fortsetje med Don DeLillo.

8. juli 2008

Ferielesing

Eg har klart å ikkje planlegge for mykje i det siste. Det er uvant å skru av skrive-liste-knappen i hovudet, men eg kjenner at det betaler seg. Så spontan i lesinga har eg ikkje vore på lenge. Så tilfreds i lesinga er det også lenge sidan eg har vore.

Eg har no to meir langsiktige bøker på nattbordet. Den eine, Skugga-Baldur, har eg kome ganske langt i. Det er ei lettlesen bok, om ein ser slik på det, men ettersom prosaen er lyrisk og knapp, kjennest det som ei bok ein kan få utbytte av å lese sakte og sikkert fleire gongar.

Eg har også kome midtvegs i Americana av Don DeLillo. Det er overveldande lesing. Det er så utruleg mange ord der! Forteljinga hoppar frå den eine digresjonen til den andre , og eg lurer på om grunnen til at eg ikkje får med meg alt er fordi det ikkje er viktig, eller fordi eg ikkje er stø nok i amerikansk språk og syttitalskultur. Eg har no byrja helle mot at det kanskje ikkje er så viktig å få med seg absolutt alle detaljar, og lesinga har difor teke seg noko opp i tempo. Og det er ei bok det er lett å lese, på sitt vis. Historia er interessant nok, språket flyt godt nok, det er berre litt tett og mykje og ukjend.

Og no er det snart ferie, og noko av det mest hyggelege står for tur: Å velje ut bøkene eg skal ta med i kofferten. Eg har tidlegare nemnt at ei av bøkene eg skal ta med er Dag Solstads 16.07.41, som viser til hans fødselsdato. Ettersom eg skal ta flyet heim nettopp den 16.07, og boka byrjar med eit fly, synest eg det er ei fin bok å byrje på nett den dagen - også for å stillferdig heidre ein av mine norske favorittforfattarar.

Men eg vil også lese ei anna bok. Som de tidlegare har sett er det nok å ta av i bokhylla. Minst 50 (har eg kome fram til) ulesne bøker står og ventar. Så gjeld det berre å velje den riktige. Skal eg gå for Sylvia Plath? The Waves av Virginia Woolf? Eller noko lettare? Kanskje skal eg ikkje ta med meir enn ei bok, denne gongen, og heller gå på skattejakt i familiens bokhyller for å finne noko tilfeldig og uventa? Eg skal ikkje bestemme meg enno. Solstad skal få vere med i veska, men elles skal eg la det heile ligge - enn så lenge.

24. april 2008

Overkomeleg lengt

Sjå på dette omslaget.
Sjå nøye på dette omslaget.
Ser du korfor eg lengtar etter å lese denne boka?

Eg har stilt henne opp i bokhylla, med omslaget ut mot rommet, på utstilling. Med det lokkande omslaget står ho og ser på meg, får meg til å lengte etter å lese henne. For å vere heilt ærleg aner eg ikkje kva ho handlar om. Eg fekk henne av eit norsk-amerikansk par eg kjenner. Dei er gode vennar av meg. Dei har budd i Amerika i fleire år, frå kvarandre først, så saman. Han er norsk, han har eg kjent lenge, ho er amerikansk. Eg har besøkt dei der nede, stira det politisk korrekte og -velfunderte USA-hatet mitt i kvitauget, mildna. Skjønt at det er meir, mykje, mykje meir. Menneske, omgjevnader, luft.

Det er Twin Peaks-estetikk. Det er roadtrip-estetikk. Det er amerikansk, det er så amerikansk at det dirrar av det. Den tørre varmen i ørkenen. Er det skyming eller demring? Den tørre varmen i dineren. Platene i jukeboxa. Lyden av vifta. Smaken av kaffien.
Eplepai.
Eg må lese den boka.
Americana.