19. januar 2009

Noko med det amerikanske

Eg har ikkje lese så veldig mykje amerikansk kvalitetslitteratur.
Eg har lese nokre noveller av Richard Ford, fordi ein eg stolte på ein gong tilrådde dei så heilhjarta. Og det var heilt ok. Men det var veldig amerikansk. Det var det eg tenkte medan eg las. Det er heilt ok, tenkte eg, det er til og med ganske bra, noko av det, men det er veldig amerikansk. Kva meinte eg med det?

Og no har eg altså har prøvd å lese Americana av Don DeLillo det siste halvåret, utan å få det heilt til, og eg har prøvd å lese Paul Auster, og får ikkje det til heller, og eg tenker: det er for amerikansk. Kva meiner eg med det?

Eg har vore i Amerika, eg. I Portland, Oregon. Eg likte å vere der. Eg kjenner amerikanarar som er heilt fantastiske menneske. Og eg har sett utallige amerikanske filmar. Nokre har eg likt veldig godt. Eg elskar Twin Peaks. Og eg har høyrt på enormt mykje amerikansk musikk. Eg synest amerikana er knalltøft, og eg liker god country. Så korfor ikkje litteraturen? Kva er det eg ikkje får til?
Kva er det amerikanske og korfor funkar det ikkje for meg?

7 kommentarer:

ertestuing sa...

Jeg forstår hva du mener når det gjelder Richard Ford. Men da syns jeg du skal lese novellene til Dave Eggers, begynn med How Hungry We Are. Det er lenge mellom hver gang man finner sånne. Moro, originalt, lekent, sjukt, inspirerende!

heklehatt sa...

du som er interessert i musikk og musikaliteten i språket må jo bare lese toni morrison! hun er fantastisk. Prøv med "jazz" og se om du ikke er enig. ellers er Cormac McCarthy noe av det beste jeg har lest i hele mitt liv (se mitt bloginnlegg om "Veien" (vet ikke hv man lager link).

Aina sa...

Takk for tips, begge to. Vi får sjå om eg vågar meg utpå igjen ved eit seinare høve, eller om eg skal halde meg til den nordeuropeiske kulturkrinsen der eg tydelegvis føler meg mest heime.

Janke sa...

Du må lese kvinnene! Sue Miller (de første bøkene) Alice Hoffman (fantastisk) Ann Tyler (Middag på cafe hjemlengsel og den tilfeldige turist m.fl) for å nevne noen. Det er utrolig mye bra amerikansk litteratur!!
Av Paul Auster ville jeg lest Leviatan - den er kjempebra. Og Brooklyn follies.

Aina sa...

Ja, eg har ikkje lese så mange kvinner. Eg trur den einaste amerikanske romanen eg har lese av ei kvinne er "Stekte, grønne tomater", som eg likte veldig godt som tenåring.

ertestuing sa...

Miranda July! Men henne har du kanskje lest? No one belongs here more than you. Fantastisk :)

Aina sa...

Nei, eg har faktisk ikkje det!
Det gler meg for øvrig at de er så entusiastiske i å tilrå gode amerikanske forfattarar, og nektar å gå med på at det er noko med det amerikanske som berre ikkje appellerer til meg!