Og eg, som var så oppslukt av Tarjei Vesaas på vidaregåande. Som byrja skrive som eg skriv delvis fordi han skreiv slik han skreiv. Eg las Fuglane fleire gongar, og eg las Huset i mørkret, men altså ikkje Is-slottet. Og det kjenner eg no at eg må gjere. Så kan eg kanskje ta fatt på Bråtveit etterpå. Når eg har referansane på plass.
Når det gjeld lesinga elles er eg i ein dårleg periode. Eg les lite, og når eg les er eg så trøytt at eg blir ukonsentrert. Eller eg legg meg for seint, slik at eg må slutte akkurat når eg kjem inn i det. Men eg er nesten ferdig med Andvake. Dei amerikanske set eg nok berre på hylla igjen. Og Tilfeldigvis. Arial Footlights forhistorie er jo så tjukk, så det veit eg kjem til å ta litt tid.
Og på biblioteket står eg på 200. plass i lånekøa til Vente, blinke.
5 kommentarer:
Håper du liker "Isslottet". Jeg har ikke fått lest "Siss og Unn" ennå. Venter på at biblioteket skal få den.
hei aina - vente, blinke kan du få låne nårsomhelst av meg! du er herved nr. 1 i køen:-)
når det gjelder dårlig samvittighet eller skam: ingenting er så ille at det ikke blir verre med litt dårlig samvittighet! godt sagt, eller?
Hehe, veldig godt sagt, heklehatt! Du har sjølvsagt heilt rett. Det er for seint å angre, og alltid for seint å skamme seg. Eller noko sånt.
Eg seier ifrå viss eg blir utolmodig etter å lese Vente, blinke! No har eg uansett eit par andre bøker eg held på med, og så skal eg jo lese Is-slottet. Og så er det - underleg nok - noko fint med å stå på ei skikkeleg lang venteliste, og så endeleg få boka. Det er ei av bibliotekets gleder. Det einaste aberet er at eg tidlegare har stått på slike ventelister til bøker som har skuffa. Men eg har god tru på denne.
Ja, det er ikke alltid de beste bøkene som har de lengste ventelistene!
Jeg har akkurat lånt "Vente, blinke". De tre eksemplarene på vårt bibliotek ble fort utlånt. Men vi har ingen på venteliste. Så du kan få låne den hos oss også:)
Kor er det biblioteket, då, Lille søster?
Eg takkar for all denne gode låneviljen! Men det kan jo hende at alt dette fører til at eg rett og slett kjøper boka ganske snart. Vi får sjå korleis det utviklar seg.
Legg inn en kommentar