14. august 2019

«Ungen» kjem snart til verda

Omslag: Jesper Egemar
Våren gjekk med til intens omskriving av eit romanmanus eg hadde halde på med ei god stund, og som snart, om nokså nøyaktig to månader, skal kome ut på Samlaget under tittelen Ungen.

Eg er i skrivande stund i gang med korrekturen, snart går boka i trykken, og 15. oktober kjem ho til ein bokhandel nær deg.
Det er vel unødvendig å seie at eg både gler meg og er veldig spent!

Ungen handlar om kva eit barn er verd om det er fødd utanfor ekteskap, av fattige foreldre som ikkje kan ta seg av det, eller som endå eit tilskot til ein allereie altfor stor barneflokk; boka handlar om kva som kan få ei kvinne, som sjølv har vore mor, til å vanskøytte, mishandle eller rett og slett drepe eit uskuldig spedbarn, og ho handlar om kva fattigdom og fornedring kan føre til, og kva det å leve på kanten av stupet kan gjere med eit menneske.

Handlinga i romanen er fiksjon, men er sterkt basert på det som er den verste barnedrapssaka i Noregshistoria, som fram til eg grov henne fram frå gløymsla og skreiv artikkelen Englemakerskene i Tobias (Tidsskrift for Osloshistorie) i 2012, har vore relativt ukjend - og i stor grad framleis er det.

I 1901 blei fleire kvinner stilt for retten i Kristiania, skulda for å ha medverka til at fleirfaldige spedborn hadde døydd medan dei var i deira pleie. Saka gjekk under namnet pleiemødresaka, førte til stor offentleg forarging og debatt, og kvinnene fekk seinare tilnamnet englemakerskene, fordi dei hadde gjort små born om til englar.

I Ungen møter vi Anna, som mistar arbeidet som tenestejente under krakket i Kristiania i 1899; ei økonomisk krise som førte til stor fattigdom og massearbeidsløyse i hovudstaden. I si naud tyr ho til veninna Pauline, og saman startar dei ein geskjeft som skal vise seg å få alvorlege følgjer: dei byrjar å ta til seg pleieborn mot betaling.

Om du vil vite meir om romanen og om den verkelege pleiemødresaka, kan du lese forlaget sin omtale av Ungen HER, artikkelen min HER (på side 4), og eit intervju med meg om englemakerskene HER.

Og viss du er ein bokbloggar som er interessert i å lese boka, kan du gi eit lite pip, så skal eg sørge for at du får tilsendt eit frieksemplar av romanen når han kjem ut.

1 kommentar:

GRØNN FRYD HOS MONIQUE - sa...

Heisann Aina, gratulerer igjen med ny bok - skal bli spennende å se! T.o. en etterkommer forsøker visst å nøste litt!