13. februar 2019

Etter ei lang stille

er eg omsider tilbake.

For tida sit eg på Litteraturhuset i Oslo og arbeider på spreng for å få ferdig haustbok. Først er det ein roman for vaksne som står for tur og som eg har arbeidd med i mange år, først på tankeplanet og deretter som manus, utan at eg har klart å finne rette forma før no.

Dei som har følgt bloggen hugsar kanskje at eg for mange år sidan, nærare bestemt i 2012, skreiv ein artikkel der eg nøsta opp det eg trur må vere den verste barnedrapssaka i norsk historie, den såkalla pleiemødresaka frå 1901, der fleire kvinner stod tiltalt for å ha teke livet av over tjue spedbarn i løpet av eit år.

Eg visste med ein gong eg hadde skrive artikkelen at eg måtte bruke historia om dei såkalla englemakerskene - som gjorde små barn om til englar - i bokform på eit eller anna vis, eg visste berre ikkje korleis eg skulle gjere det, ikkje minst fordi eg vegra meg for å gå inn i denne forteljinga og i dei menneska som stod bak desse forferdelege handlingane.
Ei stund vurderte eg å skrive ei sakprosabok om temaet, der eg også fortalde historier om andre englemakersker rundt om i verda, for slike fanst både i Australia, Sverige, USA, England, Tyskland - ja, kanskje i alle land om ein verkeleg byrja leite.
Men så er det jo primært romanforfattar eg er, så eg måtte våge.

Først skreiv eg til ei, deretter to andre forteljingar, så den vonde englemakarhistoria ikkje skulle stå så åleine i si gru, men same kor mykje eg prøvde, fekk eg det ikkje til å fungere.
Eg måtte kutte. Og det enda med at berre ei historie stod att, den eigentlege historia: historia om pleiemora Anna og kva som får henne til å handle som ho gjer.
For kven var eigentleg Anna?

Sidan eg har leitt i kjeldene i fleire år utan å finne skikkeleg svar på dette spørsmålet og på korfor ho handla som ho gjorde, har eg dikta opp ei anna Anna, og det er denne Anna eg håper de skal få lese om til hausten, i romanen eg har kalla Ungen. 

HER er eit intervju eg har gjort om englemakarsaka, der det også er mykje sitert frå artikkelen min frå 2012, som de kan lese HER på side 4, dersom de vil vite endå meir.
Eller så kan de vente på romanen. 

Ingen kommentarer: