6. juni 2018
Kvar ein fugl
Helikopteret lettar
Vi glir over menneska
bilkøen tretoppar
inn i det låge skylaget
Eg legg hendene over magen
Det er enno for tidleg
å kjenne deg sparke
Hender spjerrar trøya
og klipper av meg buksa
Dei koplar meg til maskiner
og snakkar til meg om smerte
Men du er det einaste
eg kan tenkje på
Om eg har klart å verne deg
Om kroppen min
har vore skjold nok
festning rustning borg nok
morkaka fast nok
livmora stram nok
Legen leitar
Eg lèt att auga
Ei dykkarklokke søkk
og søkjer i meg
Lyskjeglene sveiper
i eit djupraudt mørke
Lyser opp botnar veggar
musklar og hinner
på leit etter liv
i det inste i ei mor
Ver snill med mamma spark meg
spark ifrå og sym i meg ver fast i meg
veks deg stor hald fast hald fram i meg
Lyden av hjartet ditt
Luftperler stig mot overflata
Frå Kvar ein fugl av Hilde Myklebust (Samlaget 2018)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Legg inn en kommentar