26. november 2017

Vigdis, del for del

Den siste tida har eg lese Kaja S. Mollerins samtalebok med Vigdis Hjorth, Vigdis, del for del; om ein forfattar eg set høgt og følgjer interessert med på. Dei siste åra har eg lese alle bøkene ho har gitt ut, med Arv og miljø, 30 dager i Sandefjord og Et norsk hus som førebelse toppunkt, og har også i fleire år lese meg bakover i forfattarskapen hennar, med Drama med Hilde frå 1987 som favoritt frå den tidlege delen av karrieren.

På grunn av all viraken rundt fjorårets bestselgjande og kritikarroste roman Arv og miljø, med skuldingar om å henge ut familien sin og kome med uetterprøvbare påstandar om overgrep mot sin avdøde far, og med ein påfølgjande motroman denne hausten skriven av søstera Helga Hjorth med tittelen Fri vilje, vil eg tru Vigdis Hjorth har fått mange nye lesarar, både av romanane sine og av denne samtaleboka.
Og kanskje vil dei få svar på dei mange spørsmåla kring overgrepstematikken i boka og kanskje ikkje. Vigdis Hjorth fastheld framleis at Bergljot i Arv og miljø er ein oppdikta romankarakter og ikkje henne sjølv, sjølv om ho langt på veg innrømmer at det finst likskapstrekk mellom arveoppgjeret og familiefeiden Bergljot står oppi og den ho sjølv har vore del av i sin eigen «primærfamilie».

For meg var også dette aspektet interessant, sjølvsagt, for dersom eit menneske skriv om sine eigne barndomstraumar og blir møtt med motvilje, fordømming og skuldingar om løgn frå sin eigen familie, endåtil i romanform, er endå eit nytt og grovt overgrep begått mot henne som er offeret i saka.
Handlar det derimot om ei kynisk og medviten utnytting av si eiga familiehistorie, med ein stygg vri mot overgrep som ikkje stemmer, kan ein forstå at familien reagerer sterkt.
Problemet er at ingen veit, andre enn Vigdis Hjorth sjølv.

Men min motivasjon for å lese denne samtaleboka var langt større enn dette; eg ville vite meir om forfattaren Vigdis Hjorth. Og det eg saknar etter å ha lese boka, er eit større fokus på korleis Vigdis Hjorth skriv bøkene sine, ikkje berre kva ho skriv om.
Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut for Vigdis Hjorth? Korleis arbeider ho med tematikk, språk og form? Har ho ein eigen poetikk? Er der nokre gode tips å hente ut for ein yngre og langt mindre erfaren forfattar?
Boka svingar nok innom slike tema, på sitt springande vis, men ikkje i den graden eg skulle ønskje. Då fekk eg meir utav å lese Alf van der Hagens svært gode samtalebok med Kjell Askildsen, ein annan forfattar eg set høgt, Kjell Askildsen. Et liv
Både fordi boka gjekk nærare innpå biografien til Kjell Askildsen, noko som var svært interessant, og særleg fordi forfattaren kom til orde og fekk snakke om sjølve arbeidet sitt, skrivinga, og om opp- og nedturar gjennom ein lang karriere.

Ingen kommentarer: