27. oktober 2017

Tillers beste bok?

For nokre dagar sidan las eg ferdig boka eg har sett fram til sidan eg høyrde ho skulle kome: Begynnelser av Carl Frode Tiller. Eg har lese alt Tiller tidlegare har gitt ut og også sett nokre av teaterstykka han har skrive, mellom anna stykket med same tittel som boka - som også handlar om dei same menneska, med miljøvernaren Terje i hovudrolla - og eg held forfattarskapen hans høgt.

Då eg byrja lese den nye romanen var det mykje som var kjent for meg frå stykket, mellom anna startar begge på omtrent same stad; teaterstykket med ein front-mot-front-kollisjon, der du skjøner at sjåføren av personbilen har skjena over i feil køyrebane og inn i traileren med vilje; romanen på sjukehuset der Terje ligg og lyttar til mora og søstera Anita som snakkar medan dei vaker over han etter at han har «tatt sitt eige liv», som det står bak på boka.
Men likskapane med sceneversjonen stansar ganske fort og romanen utvidar biletet av Terje og den vesle familien hans.

No er ikkje Terje død, iallfall ikkje enno, og romanen følgjer livet hans bakover i tid, til dagane, månadane og åra før denne dramatiske hendinga, og som lesarar får vi eit vidare bilete av kva som kan ha fått Terje til å velje som han har gjort, utan at det er nokon enkle svar på akkurat det spørsmålet.
Som vanleg hos Tiller er teksten intens og skildrar eit menneske som ofte handlar småleg og dårleg overfor sine næraste, som i det medvitne valet mellom å vere raus og småleg, ofte hamnar på det siste, medan han mentalt sparkar seg sjølv for at han aldri klarer å late vere, for ein gongs skuld.
Kor kjem alt dette indre agget frå? Korfor er Terje så sint?
Han har kone og ei dotter han elskar, han har ein jobb han inderleg brenn for og ein stor kjærleik til naturen, men han har også eit vanskeleg forhold til primærfamilien sin, til mora og søstera Anita og til faren som er død då boka byrjar.

Gjennom kapittel med med titlar som 'Tre dagar før' eller 'Eitt år tidlegare' følgjer vi Terje bakover i livet, heilt tilbake til barndomen. Vi får vere med han gjennom vanlege dagar i ekteskap og på arbeid, i samvær med dottera Marit, tilbake til bryllaupet med Turid, som blir forkludra av ei mor som drikk for mykje og ei søster som lagar drama, bakover til ungdomstida med utagerande oppførsel og til barndomen, der vi møter ein sårbar gut, som like gjerne leikar han er ein sommarfugl åleine i skogen, som å vere saman med dei andre ungane, med ei nyskild mor som slit psykisk og ei storesøster som har byrja opponere.

Og så kjem den fine slutten, som rørte meg til tårer, og eg trur det er første gongen eg har gråte av ei av bøkene til Carl Frode Tiller. Dei tidlegare romanane hans har vore sterke og ubehagelege, men dei har aldri gripe meg på denne måten, dei har aldri rørt meg slik som dette.

Kanskje er Begynnelser den beste boka han har skrive så langt? Iallfall er ho ei av dei aller beste i ein sterk forfattarskap, og ei bok der Tiller viser fram nye sider. Løp og kjøp!

Ingen kommentarer: