31. mars 2015

Ikkje gjere det slag

Ukjend kunstnar. Utgivar: Eberh. B. Oppi, ca. 1947. Frå nb.no
Endeleg påskeferie! Eg har reist vestafjells, som eg plar, og vakna i dag til sol over markene, snø på fjella, litt rimfrost på bakken der skuggen frå granene fell.

Planen for påska er enkel: eg skal ikkje gjere det slag. Eg skal vere saman med familien, sove og lese bøker.  Og denne påska, som alle andre påsker, skal eg lese krim. Far min har forsynt meg med sine utlesne bøker, dei ligg i ein stabel på soverommet her ute på øya, så no er det berre å velje og vrake. Førebels har eg løfta Gillian Flynn og Flink pike (Gone Girl) ut av bunken, den har eg forresten kjøpt til far min, sjølv.

Berre for sikkerheits skuld har eg også teke med eit par bøker i kofferten. Den siste til danske Helle Helle, Hvis det er, som eg nesten er ferdig med, og Samlagets store vårsuksess, Mi briljante venninne, av den mystiske, italienske forfattaren Elena Ferrante. Så får vi sjå kor vinden blæs meg.

God påske!

2 kommentarer:

Tine sa...

Høres ut som du har en fortreffelig påskeferie. Det har vært så kjekt å lese alle de fine omtalene av Finne ly denne måneden.
Jeg er etterhvert blitt veldig glad i å lese nynorsk (Bergenser) men Mi briljante venninne kvier jeg meg for, siden den er oversatt til nynorsk fra "utenlandsk". Syntes du det blir bra med oversatte bøker, eller er det naturlig for dere som "er" nynorske? Ønsker deg en fortreffelig påskepause :)

Aina Basso sa...

Takk for det, og god påske til deg også! Ja, det har vore veldig kjekt å få så mange fine omtalar av 'Finne ly', ein skikkeleg bonus!

Eg har ikkje noko problem med bøker som er omsette til nynorsk, det er ikkje noko rarare for meg enn å lese bøker frå omsette til bokmål. Men alt er jo avhengig av omsetjaren, og det eg kan reagere på i omsetjingar er t.d. anglisismar, der ein ser tydeleg kva setninga på originalspråket var og sjølv veit kva som hadde vore ei betre setning på godt norsk. Det handlar vel både om kor god tid omsetjaren har og kor godt redaksjonsarbeidet er frå forlaget si side.